Skriftlig spørsmål fra Magne Aarøen (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:41 (2001-2002)
Innlevert: 23.11.2001
Sendt: 23.11.2001
Besvart: 03.12.2001 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Magne Aarøen (KrF)

Spørsmål

Magne Aarøen (KrF): Mange stader i Norge, særleg i kyst- og fjellområder, er det NMT 450 mobilsystem som gjev den beste og ofte einaste dekning.
Kva vil statsråden gjere for å sikre at NMT 450-systemet vert oppretthalde, til same pris for brukarar som GSM-systemet, inntil GSM eller andre likeverdige system er på plass med minst like god dekning som NMT 450-systemet?

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Spørsmålet om kva som vidare skal skje med NMT 450-systemet etter at inneverande konsesjonsperiode går ut 1. november 2003, er for tida oppe til vurdering i departementet. Spørsmålet er sett på dagsorden fordi vi har motteke søknad frå konsesjonæren, Telenor Mobil AS, om forlenging av konsesjonsperioden med inntil 2 år, dvs. fram til 1. november 2005.

Søknaden vart motteke i departementet like før fristen for å kunngjere avvikling av NMT 450 gjekk ut 1. november i år. Av omsyn til at søknaden inneheldt opplysningar som ikkje er tekne omsyn til i tidlegare vurderingar om kva som vidare bør skje med frekvensane som NMT 450-konsesjonen byggjer på, vart fristen for å kunngjere avvikling førebels utsett til 31. desember i år.

I utgangspunktet har departementet allereie signalisert at NMT 450-konsesjonen ikkje vil bli forlenga, men at det i staden bør gjennomførast ei ny tildeling av frekvensane som konsesjonen byggjer på der fleire interesserte får høve til å konkurrere om å få konsesjon. Opplysningar i søknaden om at det framleis er uklart om det vil bli sett i gang produksjon av digitalt GSM 400-utstyr, gir likevel grunn til å revurdere dette utgangspunktet. Interessene i å nytte frekvensane til å opprette eit nytt mobilsystem med tilsvarande dekning som NMT 450 vil vere avhengig av tilgangen på utstyr. Departementet vil treffe endeleg avgjerd i saka etter at tilråding frå Post- og teletilsynet ligg føre.

Når det gjeld den delen av spørsmålet som går på prisfastsetjinga av NMT 450-tenester, må det understrekast at Telenor Mobil i høve til gjeldande regelverk berre er forplikta til å ta kostnadsorienterte prisar, og ikkje til å tilby ulike produkt og tenester til lik pris. Det ligg ikkje føre planer om å endre denne delen av gjeldande regulering. I motsetning til i GSM-systemet, har det vore ein jamn nedgang i talet abonnentar og trafikken i NMT 450-nettet dei siste åra, noko som medverkar til skilnad i prisane for NMT- og GSM-tenester.