May Britt Vihovde (V): Forskingsprosjektet "Behandlingskjeder i rusvernet: Effekt og nytteverdi av tiltak overfor rusklienter som oppsøker sosialkontor", som var eit av to som vart anbefalt og godkjent for å imøtekomme Stortinget sitt ynskje om dokumentasjon av nytteverdien av dei midlane som vert brukt, står i fare for ikkje å bli fullført grunna manglande finansiering.
Kva kan sosialministeren gjere for å sikre at prosjektet vert fullført, både av omsyn til forskingsetikk og sikring av innsamla data?
Begrunnelse
Ein sentral strategi innan siste Rusforskingsprogram i Norges forskningsråd var langsiktig satsing på kost-nyttestudier. Bakgrunnen for dette var blant anna ein uttalt interesse frå Sosialavdelinga i Sosial- og helsedepartementet for forsking og kunnskapsutvikling innanfor kostnytteområdet i Rusvernet, samt Stortinget sin uttale i blant anna Innst. S. nr. 184 (1996-97) om " ... at det bør leggjast stor vekt på ein betre tilpassing av hjelpe- og behandlingsopplegget til den einskilde misbruka sine individuelle situasjon og behov. Ein systematisk evaluering av dokumentasjon av behandlingsopplegget vil vere eit viktig hjelpemiddel i denne forbindelse."
Stiftelsen Bergensklinikkene vart invitert til å vere med for å få fram ein slik evaluering, og fekk godkjent forskingsprosjektet "Behandlingskjeder i rusvernet: Effekt og nytteverdi av tiltak overfor rusklienter som oppsøker sosialkontor." Oppstart av pilotprosjekt i 1998 og hovudprosjekt frå 01.01.99. Sosialkontor i Bergen, Askøy, Stavanger og Sandnes er med i prosjektet, og har rekruttert 187 klientar som har sagt ja til å delta.
Norges forskningsråd ved Programmet for Rusmiddelforsking finansierte prosjektet. Dette programmet vart oppløyst våren 2000, før avslutning av dette prosjektet. I november 2000 vart framdrift i prosjektet godkjent frå Norges forskningsråd. Kort tid etterpå vart søknad om vidareføring og avslutning av prosjektet til eit anna forskingsprogram (livsstil og helse) avslått og prosjektet står difor utan finansiering for 2001 og 2002.
På den bakgrunn søkte ein 20. juli d.å. Sosial- og helsedepartementet om dekning av utgiftene for 2001 og 2002. Avslag på denne søknaden kom via Norges forskningsråd denne veka.