Heidi Grande Røys (SV): Vil statsråden sørgje for at anken over vedtaket frå NVE om konsesjon på utbygging av vindmøllepark på Hoddevikfjellet på Stad vert tatt til følgje, slik at dei konsekvensutgreiingar som er gitt i fagrapportane og vedtaket i fylkestinget i Sogn og Fjordane, vert tillagt avgjerande vekt?
Begrunnelse
Statkraft har av NVE fått konsesjon på ei utbygging av ein vindkraftpark på Hoddevikfjellet på Stad. Vindparken er planlagd med 35 møller med ein effekt på 2 MW kvar, totalt 70 MW for heile parken.
Ei lang rekkje instansar har klaga på vedtaket. NVE har ikkje sett nokon grunn til å gjere om vedtaket, og klagen ligg no hos olje- og energiministeren for handsaming. Fylkeskommunen har komme med motsegn mot reguleringsplanen, og motsegna er til handsaming i Miljøverndepartementet. Fylkeskommunen har i sin arealdel til fylkesplanen utpeikt fleire alternative område for vindkraft.
I Statkraft si konsekvensutgreiing er konsekvensane for m.a. landskap, friluftsliv, samfunn, reiseliv, kulturminne og kulturmiljø sterkt nedtona i høve vurderingane i fagrapportane som Statkraft har lagt til grunn for si konsekvensutgreiing.
Planområde på Stadlandet er, både nasjonalt og internasjonalt, eit viktig område for naturlandskap, friluftsliv, kulturminne, kulturmiljø og reiseliv. Fylkesdelplanen for arealbruk for Sogn og Fjordane viser området som eit viktig regionalt, nasjonalt og internasjonalt landskapsvernområde som ikkje bør byggast ut til vindkraft.