Skriftlig spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:68 (2001-2002)
Innlevert: 06.12.2001
Sendt: 07.12.2001
Besvart: 12.12.2001 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Statsråden har tatt til orde for at kommunane fritt kan velje revisjon. Dette reiser nokre problemstillingar i forhold til kontrollutvala.
Dersom kommunane fritt kan konkurranseutsette revisjonen, kven skal då vere sekretær til kontrollutvala?

Begrunnelse

Eg viser til at statsråden som stortingsrepresentant i november 1998 fremja eit framlegg om at kommunane skal på fritt grunnlag velje sin revisjon. Forslaget peika på at det kunne vere ein eigen kommunal eller interkommunal revisjon eller bruk av privat revisjon. Dette framlegget blei avvist av Odelstinget. Like etter at statsråden blei utnemnt til minister blei dette spørsmålet reist i nettmøte i regi av Kommunal Rapport. Statsråd Solberg svara følgjande: "Vi arbeider med å få laget et forslag til lovendring som skal ut på høring basert på mitt gamle Dokument 8 forslag fra Stortinget. Mitt synspunkt er at kommunene må kunne velge hvem som skal revidere regnskap og forvaltningspraksis på samme måten som de har fått valgfrihet på de fleste andre områder mht. organisering av sine tjenester."

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Eg arbeider for tida med å vurdere kommunelova sine reglar om kontroll og tilsyn i kommunane og fylkeskommunane. Siktemålet er å tilpasse reglane i lova til dei utfordringane tilsynsarbeidet i kommunesektoren vil stå overfor i framtida. Ei vurdering av revisjonsordninga vil og inngå i dette arbeidet. Resultatet av arbeidet vil venteleg bli eit lovframlegg til Odelstinget.
Dersom det blir opna for å konkurranseutsette revisjonen, og ein kommune vel å gjere bruk av dette, vil tilhøvet mellom kontrollutvalet og revisjonen måtte leggast opp på ein noko annan måte enn i dag. Det er likevel enno for tidleg å ta stilling til dei einskilde spørsmåla dette reiser. Ei mogeleg løysing kan vere å lovfeste at kontrollutvalet skal ha eit eige sekretariat sjølv om kommunen vel å konkurranseutsette revisjonen. Ei anna løysing kunne vere å stille kommunane fritt til sjølve å velje kven som skal vere sekretariat for kontrollutvalet. Dette vil eg komme tilbake til i samband med lovframlegget.