Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil statsråden ta nødvendig initiativ for å sikra at omsynet til barna går først når Trygdeetatens innkrevingssentral i påvente av rettskraftig dom skal krevja inn barnebidrag?
Begrunnelse
Eg viser til oppslag i Stavanger Aftenblad 11. desember d.å. der det vert referert ei sak som gjeld ei trebarnsmor og Trygdeetatens innkrevingssentral. Opplevinga denne kvinna har med innkrevingssentralen, gir grunn for å spørja om statsråden meiner at å avvise motrekning av barnebidrag mellom far og mor er i tråd med slik ho meiner praksis skal vera. Dersom ho meiner lovverket er til hinder for at staten i ei sak som dette opptrer konfliktdempande og slik at omsynet til barna går først, er det ynskjeleg å få avklart om ho snarleg vil ta initiativ til eit regelverk som synest rimeleg.