Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:114 (2001-2002)
Innlevert: 14.01.2002
Sendt: 15.01.2002
Besvart: 22.01.2002 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Jorunn Ringstad (Sp)

Spørsmål

Jorunn Ringstad (Sp): Posten Norge BA har nyleg gått inn for å leggje ned nye 40 postkontor.
Aksepterer Regjeringa Posten Norge BA si grunngjeving om at nedlegging av postkontor er ein konsekvens av auka utbytte frå staten, og vil Regjeringa gripe inn for å hindre at ei ny gruppe postkontor blir lagt ned?

Begrunnelse

I samband med at Posten Norge BA skal leggje ned 40 postkontor blir det frå Posten si side vist til at nedlegging er eit resultat av at stortingsfleirtalet kravde auka utbytte i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2002. Talsmenn for Posten gir vidare uttrykk for at ein no vil innføre prinsippet om at kvart postkontor isolert skal løne seg for at det skal oppretthaldast.
I tilleggsproposisjonen frå Bondevik II (St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 4 (2001-2002)) vart det foreslått at utbyttet frå Posten skulle aukast, men det vart understreka at Posten hadde levert gode resultat i 2001, ikkje minst som følgje av eigedomssal. Regjeringa meinte dette gav grunnlag for å auke utbyttet. Det vart ikkje frå Regjeringa si side signalisert at eit auka utbytte ville resultere i nedlegging av postkontor.

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Det framtidige ekspedisjonsnettet til Posten vart handsama av Stortinget i samband med St.meld. nr. 37 (1999-2000) Om omlegging av Postens ekspedisjonsnett og St.meld. nr. 26 (2000-2001) Om virksomheten til Posten Norge BA. Struktur og omfang av det nye ekspedisjonsnettet går m.a. fram av den første meldinga. Der er det opplyst at nettet i framtida vil bestå av minimum 1 500 poststader totalt og at 300-450 av desse vil vere Posthandel. Resten vil vere Posten Bedrift, Post i Butikk eller Post i offentleg servicekontor.
Det gikk òg fram av meldinga at Posten innanfor dei rammene som er skissert ville fastsetje den endelege samansettinga av ekspedisjonsnettet. Desse overordna rammene ligg framleis fast.
Posten gjer ei kontinuerleg vurdering av kva slags poststader som skal etablerast på dei einskilde stadene. Vedtaket om å erstatte 40 postkontor med Post i Butikk i tillegg til dei som tidlegare var vedteke erstatta i 2001 og 2002 er ein del av denne prosessen. Talet på eigendrevne postkontor skal likevel ikkje være lågare enn 300, slik det er lagt til grunn i stortingsmeldinga om omlegging av ekspedisjonsnettet. Dei 40 postkontora vil ifølgje Posten bli erstatta av minst 50 Post i Butikk, noko som inneber at det dei fleste stadene blir betre tilgang til tenestene enn før omlegginga.
Det nye ekspedisjonsnettet inneber ei offensiv satsing på betre tilgang til leveringspliktige tenester ved at talet på poststader blir auka og opningstidene utvida, samstundes som kostnadene blir redusert og nettet blir meir fleksibelt i forhold til framtidig trafikkutvikling. Vidare skal konsesjonskrava oppfyllast også etter omlegginga. Det har difor vore brei politisk semje om omstillinga. Effektivisering er ein naudsynt prosess for å halde kostnadene nede, dempe prisveksten og med dette styrke konkurransekrafta til Posten.
Posten hadde i 2001 for første gong ein nedgang i brev- og pakkepostmengda. Dette forsterkar behovet for ei kontinuerleg vurdering og tilpassing av ekspedisjonsnettet. Samstundes har det over fleire år vore ein sterk nedgang i talet på banktransaksjonar over skranke.
Posten skal drive effektivt og lønsamt. Storleiken på utbyttet verker sjølvsagt inn på Posten si finansielle stilling. Bakgrunnen for det auka utbyttet som det er budsjettert med i statsbudsjettet for 2002 er at resultatet i Posten for 2001 så ut til å bli monaleg betre enn lagt til grunn i St.prp. nr. 1 (2001-2002) for Samferdselsdepartementet på grunn av omfattande gevinstar gjennom sal av fast eigedom. Posten har opplyst for departementet at omgjøringa av postkontor til Post i Butikk ikkje er eit utslag av det auka utbyttet. Endringane er ifølgje Posten ein konsekvens av trafikkutviklinga og endra kundebehov og dei skjer innanfor dei rammene som er trekt opp i St.meld. nr. 37 (1999-2000).