Skriftlig spørsmål fra Eli Sollied Øveraas (Sp) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:123 (2001-2002)
Innlevert: 17.01.2002
Sendt: 18.01.2002
Besvart: 24.01.2002 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

Eli Sollied Øveraas (Sp)

Spørsmål

Eli Sollied Øveraas (Sp): I samband med sjukehusreformen har media i det siste meldt om fleire saker der dei statlege helseføretaka har handla utan å ta omsyn til lov om målbruk i offentleg teneste. Sakene gjeld bruk av tenestemål og val av namn på helseføretaka. Norsk språkråd har i brev til Kulturdepartementet 17. desember 2001 bedd statsråden avklare helseføretaka sine tilhøve til mållova.
Kan statsråden no stadfeste at mållova gjeld for dei statlege helseføretaka?

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: Som det er gjort greie for i St.meld. nr. 9 (2001-2002) Målbruk i offentleg teneste, som no ligg til behandling i Stortinget, er det rettsleg sett uklart i kva grad mållova gjeld for tidlegare forvaltningsbedrifter og forvaltningsorgan som no er fristilte og organiserte som eigne rettssubjekt, likeins for ulike typar verksemd som staten har skipa frå grunnen av på utsida av forvaltninga. Helseføretaka kan seiast å falla inn under den sistnemnde av desse to kategoriane.

Etter gjeldande rett må det i prinsippet gjerast ei vurdering av kvar enkelt statleg verksemd som er organisert som eige rettssubjekt, eventuelt av kvar gruppe av likearta verksemder. Konklusjonen vil da framstå som resultatet av ei samla vurdering av fleire ulike faktorar som alle har å gjera med kor tett statleg tilknyting den aktuelle verksemda kan seiast å ha. Den rettslege organiseringa i seg sjølv vil berre vera éin av fleire faktorar som må telja med i vurderinga. Vurderinga vil i praksis vera den same som etter forvaltningslova og offentlegheitslova.

Veikskapen generelt sett ved dette rettsgrunnlaget er at det gir stort rom for skjønn når ein skal vega mot kvarandre fleire ulike faktorar som dreg i ulik retning, dessutan at det ikkje er sikkert at grensedraginga etter mållova bør vera den same som etter forvaltningslova og offentlegheitslova, fordi mållova har eit anna formål. Dette er grunnen til at departementet lenge har meint at det er behov for eit nytt rettsgrunnlag. Dette er det gjort nærmare greie for i den nemnde meldinga.

Når det gjeld dei nye føretaka som no er danna med heimel i helseføretakslova, er det Kultur- og kyrkjedepartementet si vurdering at tilknytinga til staten er så sterk at vi førebels har trekt den konklusjonen at dei klart fell inn under verkeområdet for gjeldande mållov. Fleire av dei sakene som har vore framme i media den siste tida, viser dessutan at det er sterkt ønskjeleg å få ei snarleg avklaring av spørsmålet. Reglane i mållova vil dessutan representera ei god rettleiing og gi svar på dei fleste spørsmål som synest å ha valda problem enkelte stader etter at helseføretaka kom i funksjon frå årsskiftet.

Etter § 3 andre ledd i mållova kan Kongen i tvilstilfelle avgjera om eit organ eller privat rettssubjekt går inn under reglane i lova. Denne fullmakta er delegert til Kultur- og kyrkjedepartementet. Før det kan gjerast vedtak etter denne fullmakta, må Helsedepartementet som forvaltningsansvarleg for helseføretakslova og helseføretaka få høve til å uttale seg om spørsmålet. Kultur- og kyrkjedepartementet har i dag teke saka opp med Helsedepartementet.