Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): I eit intervju på TV 2 6. januar d.å. varsla statsråden at ho ville føreta ein gjennomgang av om grunngjevinga "menneskelege omsyn" i utlendingslova kan gjelda både omsyn til den som søkjer opphald i riket og også omsyn til personar som bur i Noreg.
Har statsråden føreteke ein slik gjennomgang?
Begrunnelse
Bakgrunnen for intervjuet var eit tilfelle der eit eldre norsk ektepar vurderte det som avgjerande for at dei skulle kunna halda fram med å bu saman i heimen sin, at kona fekk hjelp og pleie frå ein polsk ven som kom til Noreg på turistvisum. Denne personen hadde søkt om opphaldsløyve, men fått avslag frå UDI.