Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:161 (2001-2002)
Innlevert: 01.02.2002
Sendt: 01.02.2002
Besvart: 08.02.2002 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): UDI har gitt Sokndal kommune melding om at det vil bli etablert eit flyktningmottak i Sokndal kommune. Dette vert gjort sjølv om UDI er kjent med at eit samrøystes formannskap har vedteke at kommunen ikkje for tida ser seg i stand til å tilretteleggje for mottak.
Vil statsråden ta initiativ til å sikra ein prosess for etablering av mottak som inneber at kommunane si eiga vurdering vert vektlagt?

Begrunnelse

Eg er kjent med at UDI har ekstra utfordringar i ei tid med stor tilstrøyming av asylsøkjarar. Ifølgje KS har fleire kommunar hatt same oppleving som Sokndal. Dette er ein praksis som i mange tilfelle nødvendigvis ikkje er eit godt utgangspunkt for den dialog som bør etablerast mellom lokalsamfunn og mottak. Truleg er stortingsfleirtalet sitt vedtak om anbodsinnhenting medverkande årsak til noverande uakseptable prosess.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Først vil eg stadfeste at mottak av flyktningar og asylsøkjarar er ei nasjonal oppgåve. Vidare er det inga tvil om at denne oppgåva krev ekstra innsats og ikkje minst fleksibilitet på mange område. Så langt i år har det kome meir enn 1 600 asylsøkjarar til Noreg. Dette inneber at UDI i gjennomsnitt må finne husvære til om lag 265 nye personar kvar veke.
Med bakgrunn i at ein hadde tre ulike EØS forskrifter om offentlege kjøp, foreslo dåverande regjering i 2000 at gjeldande forskrifter om offentlege kjøp samt statlege og kommunale instruksar for innkjøp, skulle samlast i ein forskrift. Ny forskrift på dette området vart vedteke av Stortinget og i verksett i juli 2001. Dei nye forskriftene saman med Riksrevisjonen sin gjennomgang av UDI si rolle og ansvar i samanheng med etablering av statlege mottak for asylsøkjarar i 2000, har mellom anna ført med seg at kontraktar knytt til etablering og drift av mottak konkurranseutsetjast.
I grunngjevinga på skriftleg spørsmål nr. 161 vert det peika på at vedtaket om anbudsinnhenting, som omtalast som uakseptabel, truleg er medverkande årsak til noverande prosess der kommunane sine vurderingar ikkje vert vektlagt. Kommunane har verken no eller tidlegare hatt "vetorett" med omsyn til etablering av mottak for asylsøkjarar i ein kommune der det er private som eig eller driv mottaka. Staten kan om naudsynt gjere avtalar om drift av mottak sjølv om vertskommunen ikkje støttar ei slik etablering. Ein slik situasjon er ikkje ønskjeleg verken for staten eller kommunane. I nokre tilfelle er det truleg ikkje til å unngå at kommunanes ynskjer og utsegn ikkje vert oppfylte. Det kan vere fleire grunnar til dette, men vi kan ikkje setja oss i ein situasjon der nye asylsøkjarar skal stå utan tak over hovudet når dei har kome til Noreg.
Det er heller ikkje ønskjeleg at staten skal sjå seg nøydd til å etablere mottak i motstrid med kommunane sine eigne ønskjer. Direktoratet har utarbeidd eit generelt informasjonsbrev som dei sender til kommunar og fylkeskommunar når direktoratet treng fleire mottaksplassar. I brevet orienterer UDI om situasjonen og at det er naudsynt å etablere fleire mottaksplassar, at det vil bli annonsert etter interesserte kommunale eller private driftsoperatørar og at tildeling av kontraktane vil skje etter konkurranse og forhandlingar. Det same brevet seier at tilbydarane påleggjast å informere kommunen om ei mogeleg etablering av mottak i samband med utarbeiding av tilbodet. Brevet inneheld også informasjon om kva for lovar som gjeld for bebuarar i mottak (helse, skule og barnevern) og om ulike kompensasjonsordningar som gjeld for dei utgifter kommunane har i ein slik samanheng.
Det er ønskjeleg at vi saman skal kunne ta vare på vårt nasjonale ansvar for personar som søkjer asyl i Noreg. Frå tid til anna vil det vere usemje om kor mottak for asylsøkjarar skal etablerast eller avviklast. Dette er ikkje heldig for nokon part. Eg sett min lit til at alle rørte partar gjer sitt til at prosessen vi i dag har rundt etablering av mottak kan bli tilpassa ulike omsyn.