Skriftlig spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:182 (2001-2002)
Innlevert: 13.02.2002
Sendt: 13.02.2002
Besvart: 19.02.2002 av utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): I samband med Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 20 for 2000-2001, jf. Innst. S. nr. 177 for 2000-2001, vedtok eit fleirtal at Regjeringa skulle leggje fram forslag til lov om fagskuleutdanningar, som også inkluderte lovreglar om teknisk fagskule.
Kor langt har departementet kome i dette arbeidet, når kan Stortinget rekne med å få denne saka til handsaming, er framtidig finansiering avklara, og vil det bli gjort endringar/revisjon av læreplanar eller fag- og timefordeling?

Begrunnelse

Eg viser til at fleirtalet peika på i Innst. S. nr. 177 for 2000-2001 at det er eit behov for fagskuleutdanning som eit alternativ til høgare utdanning. Det samme fleirtalet meinte at det måtte opprettast ei eiga lov for dette og bad Regjeringa om å leggje fram eit slikt lovforslag. Vidare peika fleirtalet på at lova måtte ha eit perspektiv som sikra stabile og gode arbeidsvilkår til yrkesretta utdanningar og utdanningar retta mot andre samfunnsbehov etter vidaregåande opplæring.
Den store usikkerheten som har knytt seg til framtida for fagskulane, viser at fleire fylke vegrar seg for å ta opp studentar til hausten. Fylkestinget i Buskerud har allereie gjort vedtak om å legge ned dei tekniske fagskulane i Buskerud frå sumaren av dersom staten ikkje tar over ansvaret.

Kristin Clemet (H)

Svar

Kristin Clemet: Eg viser til spørsmål frå stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen om departementet sitt arbeid med lov om fagskuleutdanning.

Departementet arbeider med sikte på å sende forslag til lov om fagskuleutdanning på høyring våren 2002, og at Stortinget får saka til handsaming hausten 2002. Stortinget vil også få spørsmålet om finansiering til handsaming. Departementet vil etter dette ta stilling til spørsmålet om eventuelle endringar i læreplanar og fag- og timefordeling.