Skriftlig spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til sosialministeren

Dokument nr. 15:196 (2001-2002)
Innlevert: 15.02.2002
Sendt: 15.02.2002
Besvart: 21.02.2002 av sosialminister Ingjerd Schou

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg viser til at regjeringa Stoltenberg etablerte, med verknad frå august 2001, eit landsdekkjande transporttilbod for funksjonshemma til arbeids- eller utdanningsreiser.
Kan statsråden på denne bakgrunn gjere greie for kor mange som har nytta seg av ordninga, korleis potensielle brukarar er informert om ordninga og status for kor langt ein har komme med å etablere ei permanent ordning?

Begrunnelse

Det er ein viktig føresetnad å sikre funksjonshemma transport når det gjeld deltaking i utdanning og arbeidsliv. Då ordninga blei etablert i august 2001, var dette i første omgang ei prøveordning. Målsettinga var at ordninga skulle gjerast permanent i løpet av eit år.

Ingjerd Schou (H)

Svar

Ingjerd Schou: Frå 1. august i fjor blei det starta opp ei eittårig forsøksordning med arbeids- og utdanningsreiser for funksjonshemma. Forsøket gjer det mogleg for funksjonshemma å delta i arbeidsliv og ta utdanning. Formålet er mellom anna å kartleggje om eit bedra transporttilbod for funksjonshemma kan gjere at tilgangen til uførepensjon blir redusert, og at uføre kjem ut i arbeid eller utdanning.

Forsøket blir prøvd ut etter to modellar for organisering av ei rasjonell transportordning. Den eine modellen er organisert i regi av trygdeetaten og køyrekontora. Den andre ordninga er organisert i tilknyting til den fylkeskommunale transporttenesta for funksjonshemma (TT-transporten).

Røynslene så langt viser at det berre er om lag 70 personar som nyttar seg av ordninga. Det er langt færre enn ein rekna med. Grunnen kan vere at forsøksordninga starta opp på relativt kort varsel.

Sosialdepartementet, Helsedepartementet, Utdannings- og forskingsdepartementet og Samferdselsdepartementet arbeider nå med eit utvida informasjonsopplegg for å nå fleire brukarar. Det er spesielt tiltak knytt til søknadsfristen til universitet og høgskolar for studieåret 2002-2003 som blir sett i verk.

Regjeringa vurderer røynslene med forsøket til nå, mellom anna også vidareføring av forsøket og eventuelle permanente løysingar.

Målet ligg fast om å sikre funksjonshemma tilgang til utdanning og arbeid.