Skriftlig spørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:217 (2001-2002)
Innlevert: 22.02.2002
Sendt: 25.02.2002
Besvart: 04.03.2002 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

Åsa Elvik (SV)

Spørsmål

Åsa Elvik (SV): NRK Troms meldte 21. februar d.å. at Fiskeridirektoratets overvaking for vern av ungfisk ikkje lenger trenger stenge fiskefelt, for der er lite yngel igjen å verne. Overvakinga meiner at tre årsklasser av torsk er sterkt reduserte. Dette er dessverre i tråd med tidlegare kalkylar frå forskarhold.
Ser statsråden så alvorleg på slike meldingar at det er aktuelt å ta initiativ til å endre forvaltninga av torsken i Barentshavet?

Begrunnelse

Forskarane har tidlegare peika på at ressursutviklinga i Barentshavet er urovekkjande. No stadfestar dei siste forskingstokta at det er lite torskeyngel å snakke om.
Dette femner om mange problemstillingar, og det finst ei rekkje tiltak å vurdere for å betre ressurssituasjonen.
Eitt mogleg tiltak er å reduserer kvotene. Dette skjedde ikkje for 2002. Tvert om vart kvoten sett dobbelt så høg som tilrådingane til forskarane. Uttaket av småfisk er ei anna problemstilling, stenging av fiskefelt ei tredje. I tillegg har enkelte foreslått meir utstrekt bruk av avgrensingar i forhold til reiskapstype.

Svein Ludvigsen (H)

Svar

Svein Ludvigsen: Det er sjølvsagt ingen hyggeleg nyheit at Fiskeridirektoratets overvakingsteneste hittil i år har funne lite torskeyngel i Barentshavet. Som Elvik sjølv er inne på i brevet, er dette likevel ikkje heilt nye og uventa opplysningar for oss, ettersom desse observasjonane er i tråd med kva norske havforskarar tidlegare har registrert. Fiskeridepartementet har difor vore bevisst på alvoret i situasjonen lenge før NRK Troms sitt oppslag om saka 21. februar i år.
Dei tre siste årsklassane av norsk arktisk torsk er fåtallige, ikkje minst 2001-årsklassen er langt under gjennomsnittet. Dette er urovekkjande med tanke på rekrutteringa til den fiskbare delen av bestanden og gytebestanden om eit par-tre års tid. Samtidig må det påpekast at det framleis er eit stykkje herfrå til å seie at Barentshavet er "tomt for yngel", slik enkelte påstår. Vidare må ein heller ikkje gløyme at situasjonen for den fiskbare delen av bestanden, og då i første rekke 5-8-åringane, framleis er relativt god. Det vil difor vera viktig å ta best mogleg vare på desse årsklassane dei næraste åra, slik at den forventa nedgangen i bestanden som følgje av svak rekruttering blir minst mogleg.
Utrekningar utført av Det internasjonale havforskingsrådet, ICES, viser at med ein kvote på 395 000 tonn i 2002 vil gytebestanden i 2003 auke frå ein venta gytebestand på 272 000 tonn i 2002 til mellom 353 000 og 374 000 tonn i 2003, avhengig av kor stor del av totalfangsten som er kysttorsk. Dødstalet på fisk vil også bli merkbart redusert frå 2001 til 2002. Vidare har Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen no nedsett ei arbeidsgruppe som skal utarbeide forslag til forvaltingsstrategiar for bl.a. norsk arktisk torsk. Slike strategiar og spørsmålet om ein eventuell reduksjon av TAC for torsk vil bli nøye vurdert under neste sesjon av fiskerikommisjonen på grunnlag av den kunnskap om bestanden som finnast då.
Når det gjeld spørsmålet om rekrutteringa av nye årsklassar er det like fullt viktig å være klar over at dette ikkje er opp til forvaltarane aleine å påverke. Sjølv om det er ein historisk samanhang mellom storleiken på gytebestanden og rekrutteringa, er dette ikkje den einaste faktoren som verkar inn. Havforskarane reknar miljøtilhøva (temperatur, strøm etc.) i gyte- og oppvekstperioden å vere om lag like viktige for rekrutteringa av norsk arktisk torsk som storleiken på gytebestanden. Ein stor gytebestand vil difor aldri kunne gi nokon fullgod garanti for at rekrutteringa blir god. Likevel er det eit sjølvsagt mål å ha ein stor gytebestand.
Når det gjeld å verne den torskeyngel og ungfisk som ikkje døyr av naturlege orsakar må det påpeikast at norske fiskerimyndigheiter lenge har teke i bruk slike verkemiddel som Elvik er inne på i brevet, så som minstemål, maskevidde, stenging av felt m.m. Slike verkemiddel vil ein sjølvsagt halde fram med å bruke og vidareutvikle også i framtida.
Avslutningsvis vil eg på det sterkaste understreke at ei berekraftig forvalting av torskebestanden er eit heilt sentralt mål for Fiskeridepartementet og den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Sjølv om dette er det mest grunnleggjande premisset for torskeforvaltingen i Barentshavet, er det i alle høve viktig å være klar over at norske og russiske fiskeriforvaltere også er pliktige å ta omsyn til målsetjingane om stabile rammevilkår for fiskerinæringa og andre sosioøkonomiske forhold. Det overordna målet for fiskerikommisjonen vil difor alltid vere å finne ein optimal balanse mellom desse forskjellige målsetjingane.