Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til sosialministeren

Dokument nr. 15:221 (2001-2002)
Innlevert: 22.02.2002
Sendt: 25.02.2002
Besvart: 01.03.2002 av sosialminister Ingjerd Schou

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): I St.meld. nr. 28 for 1999-2000 Omsorg 2000 varsla Bondevik I regjeringa forslag om heimel i sosialtenestelova til ei forskrift som skulle sikra styrkja kvalitet og utvida tilsyn med omsorgstenestene.
Kor står denne saka i dag?

Begrunnelse

Regjeringa Stoltenberg frårådde forskrift i sosialtenestelova, alternativt vart tilrådd ei friviljug ordning i kommunane. Stortingets sosialkomité var ikkje samd i det. Ved handsaming av Ot.prp. nr. 68 for 2000-2001 bad sosialkomiteen i Innst. O. nr. 99 for 2000-2001, avgitt 22. mai 2001, om at det snarast mogleg vart utarbeidd ei forskrift. Forslaget frå "Omsorg 2000" gjeld eit område der det hastar med å sikra ein betre kvalitet. Det er viktig både for omsorgstrengande, pårørande, tilsette innan omsorgssektoren og for kommunane å vita meir eksakt kva kvalitetskrav ein skal forhalda seg til. Sidan det no er meir enn to år sidan dette spørsmålet vart lagt fram for Stortinget, finn eg grunn for å etterlysa ei oppfylgjing.

Ingjerd Schou (H)

Svar

Ingjerd Schou: Ny § 4-6 i sosialtenestelova, som heimler forskrift om krav til tenestene i lovas kapittel 4, vil tre i kraft 1. januar 2003. Eg tar sikte på å fastsette ei forskrift om kvalitet i dei nemnde tenestene så snart lova har trådt i kraft.

Kontroll med at kommunane sikrar grunnleggjande krav til tenestene er og viktig for å heve kvalitetsnivået i omsorgssektoren. Frå 1. januar 2003 vil derfor Statens helsetilsyn få utvida sitt ansvar til og å omfatte overordna tilsyn med tenester etter sosialtenestelova. Dette gir eit gjennomgåande system for å sikre kvaliteten i kommunane sine pleie- og omsorgstenester.

Eg er opptatt av at vi får betre kvalitet i tenestene til omsorgstrengande. Eg tar derfor sikte på å legge fram ei melding for Stortinget våren 2003 der eg vil gå gjennom dei mange små og store skritt for å skape ei betre teneste og foreslå ei omlegging av dei statlege virkemidlane på områder som gjer det enklare for kommunane å yte god kvalitet.