Heidi Grande Røys (SV): Ein stadig aukande del av kvinner som søkjer til krisesentra er utanlandske kvinner gifte med norske menn. NRK Sogn og Fjordane opplyser i "Vestlandsrevyen" 4. mars 2002 at svensk UDI er gitt høve til innsyn i strafferegisteret, og dermed har høve til å åtvare kvinnene mot å inngå ekteskap med vedkommande mann.
Vil justisministeren vurdere å gi norsk UDI same rett?
Begrunnelse
Ein stadig aukande del av kvinnene som søkjer krisesentra er utanlandske kvinner gifte med norske menn. Krisesentra opplyser òg at fleire av desse kjem frå same mann, det vil sei at same mann hentar seg stadig nye ektefeller frå utlandet. Eit krisesenter i Nord-Noreg kan opplyse at dei kjenner til eit tilfelle der same mann har henta seg kone nummer 7.
I nokre tilfelle veit UDI at vedkommande mann har utøvd vald mot tidlegare ektefelle, men ein har i dag ikkje høve til å åtvare kvinna mot ekteskap. "Vestlandsrevyen" opplyser i ein reportasje 4. mars 2002 at svensk UDI no er gitt høve til innsyn i strafferegisteret, og òg høve til å opplyse kvinnene om aktuelle forhold. Slik vil kvinna kunne vurdere ekteskapstilbodet i lys av informasjon om tidlegare mishandlingar og valdsepisoder som vedkommande mann er ansvarleg for.