Olav Akselsen (A): Når blir utgreiinga om eit system som sikrar at norske sjøfolk er konkurransedyktige ferdigstilt, og kan me forventa at departementet utan unødig opphald etter dette vil leggje fram eit slikt system for å sikre konkurransekompetansen for norske sjøfolk til Stortinget?
Begrunnelse
Eg viser til næringsministeren sitt svar på spørsmål nr. 189 frå underteikna. Statsråden skriv at han vil gå nøye gjennom dei rammevilkåra som sjøfartsnæringa har i dag.
Eg vil understreke at stortingsvedtaket går mykje lengre enn dette, og inneber at Regjeringen så snart som mogeleg utgreier eit forslag til system som sikrar at norske sjøfolk er konkurransedyktige. Eg føreset derfor at denne utgreiinga er starta opp.