Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:247 (2001-2002)
Innlevert: 08.03.2002
Sendt: 11.03.2002
Besvart: 18.03.2002 av utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Studentrabattane på togreiser har vorte vesentleg reduserte etter 1. januar 2002. Rabattane var fram til nyttår på 60 pst. på grøne og 40 pst. på kvite avgangar, men er nå på 50 pst. og 10 pst. I tillegg er talet på grøne avgangar reduserte.
Vil statsråden ta initiativ til nye forhandlingar med NSB for å få til betre avtalar, eventuelt koma tilbake med framlegg om andre tiltak som kan betra situasjonen?

Begrunnelse

Eit fleirtal på Stortinget sikra i samband med handsaming av statsbudsjettet i haust studentane betre økonomiske kår frå 1. november i år med å betra studiefinansieringa. For å dekka inn dette vart m.a. overføringane til NSB reduserte med 32 mill. kr. Det nye rabattilbodet til studentar tyder på at Utdannings- og forskingsdepartementet har gjort ein dårleg jobb når dei forhandla med NSB om nytt rabattsystem. Tilbodet er no klårt for dårleg. Det burde vore mogleg å få med NSB på å ha gode tilbod til studentar, både fordi dei då vel tog framføre andre transportmiddel, og fordi dei lærer seg gode reisevanar og nyttar offentleg transport. Det bør kunna vera grunnlag for nye forhandlingsrundar. Dersom dette ikkje fører fram, bør Regjeringa vurdera andre tiltak, t.d. i samband med revidert statsbudsjett.

Kristin Clemet (H)

Svar

Kristin Clemet: Studentrabatten hos de trafikkselskapene som mottar tilskudd over kapittel 270 post 70 er basert på avtaler mellom Utdannings- og forskningsdepartementet og trafikkselskapene. Stortingets vedtok en reduksjon på posten med 32 mill. kr for 2002. Innenfor den vedtatte tilskuddsrammen var det i forhandlingene med NSB ikke mulig å oppnå bedre vilkår. Gjeldende avtale med NSB løper til og med 31. desember 2002. Avtalen fastsetter at partene skal kontakte hverandre innen utgangen av september for å drøfte grunnlaget for reforhandling eller forlengelse av avtalen. I den forbindelse vil avtalen bli vurdert på nytt.
Jeg viser for øvrig til innføringen av studentmodererte månedskort i lokalkollektivtrafikken fra 1. august 2002. Dette vil være et godt tilbud for mange studenter.