Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil statsråden syte for at svineprodusentane i Ølen får behalde dei tilskota som er lagt til grunn i jordbruksavtalen?
Begrunnelse
Eg viser til at det i inneverande jordbruksavtale ligg det eit distriktstilskot for produksjon av svinekjøt på 0,50 kr pr. kg som gjeld for produsentar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Produsentane i Ølen kommune var difor omfatta av denne ordninga. Jordbruket treng, som anna næringsverksemd, mest mogleg forutsigbare og stabile rammevilkår. Svineprodusentane i Ølen har gjort sine val både med omsyn til driftsmåte og investeringar mellom anna på bakgrunn av dei rammevilkåra dei hadde å forhalde seg til.
Då Ølen kommune flytta frå Hordaland til Rogaland, vart rammevilkåra for svineprodusentane endra. Dette gjeld om lag 30 gardbrukarar som totalt leverer om lag 430 tonn svinekjøt (tal frå 2000). Det verkar klart urimeleg at flytting av administrative grenser skal gje negative konsekvensar for næringslivet.
Som kjent ligg sonegrensene for differensiering av tilskotssatsane normalt svært fast. For ein del produksjonar går grensene mellom gardar i den same kommunen. Det synest difor klart urimeleg at tilskotet er fjerna med verknad frå 1. januar. Det skulle heller ikkje vera noko i vegen for at Ølen som ny Rogalandskommune og i framtida får tilskot til svinekjøt saman med den delen av Vestlandet dei høyrde til før årsskiftet. Gardane er ikkje flytta!
Eg viser til brev frå fylkesmannen i Rogaland v/Landbruksdirektøren til Statens landbruksforvaltning datert 4. september 2001, og til Landbruksdepartementet datert 13. desember 2001 der det vert ført ein grundig og omfattande argumentasjon til fordel for bøndene i Ølen.
Eg viser elles også til at Regjeringa har lova å utvise stor smidigheit ved endring av administrative grenser, jamfør den debatten som har vore om kommunesamanslutningar. På denne bakgrunn ber eg statsråden imøtekome Ølen kommune sitt krav til fordel for svineprodusentane i Ølen.