Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:280 (2001-2002)
Innlevert: 21.03.2002
Sendt: 22.03.2002
Besvart: 03.04.2002 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Jorunn Ringstad (Sp)

Spørsmål

Jorunn Ringstad (Sp): Blir noko gjort for å sikre at NMT 450 blir oppretthalde inntil andre mobilnett er tilstrekkeleg bygd ut over heile landet?

Begrunnelse

Ifølgje oppslag i media er det kome signal frå Telenor om at mobilnettet NMT 450 kan bli lagt ned etter 2004. Dette har skapt sterke reaksjonar både i reindriftsnæringa og frå fiskarar langs kysten som framleis er avhengig av dette mobilnettet. Fleire stader langs kysten og på Finnmarksvidda er det i dag ikkje noko alternativ til dette sambandet. Bortfall av NMT 450 vil medføre store problem i deler av landet.

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Ved kgl.res. dagsett 8. mai 1992 vart Televerket v/Tele-mobil, som seinare har skifta namn til Telenor Mobil AS, tildelt konsesjon for drift av eit landsdekkjande mobiltelefonnett av type NMT 450. I medhald av konsesjonsvilkåra er konsesjonæren i utgangspunktet forplikta til å oppretthalde drifta av NMT 450-nettet til 1. november 2003. Vidare følgjer det av konsesjonsvilkåra at konsesjonæren seinast 2 år før utløpet av konsesjonsperioden skal ta opp spørsmålet om forlenging/avvikling av konsesjonen med Samferdselsdepartementet. Dersom konsesjonæren ynskjer å avvikle mobilnettet ved utløpet av konsesjonsperioden, heiter det i konsesjonsvilkåra at brukarane av tenesta skal verte varsla om dette seinast 2 år før fastsett avviklingsdato.

Den fastsette fristen i medhald av konsesjonen for å søke om forlenging eller for å varsle om avvikling av NMT 450-nettet var 1. november 2001. Av omsyn til at det etter Telenor Mobil AS sitt syn ville vere uheldig å varsle om avvikling av NMT 450-nettet før det var klarlagt om det vil vere mogeleg å erstatte det analoge NMT 450-nettet med eit nytt digitalt GSM 400-nett, vart det i brev 23. oktober 2001 søkt om forlenging av konsesjonsperioden for NMT 450 med inntil 2 år samt om reduksjon av fristen for kunngjering om avvikling frå 2 til 1 år frå fastsett avviklingsdato. I søknaden vart det vist til at utstyrsprodusentane har utvikla, men ikkje teke endeleg stilling til om digitalt GSM 400-utstyr skal verte sett i kommersiell produksjon.

Ved vedtak 17. desember 2001 vart søknaden frå Telenor Mobil AS delvis innvilga ved at konsesjonsperioden vart forlenga til 31. desember 2004. I grunngjevinga er det frå Samferdselsdepartementet sin side lagt avgjerande vekt på at det vil vere i samfunnets interesse at det på utlysingstidspunktet for frekvensane i 400 MHz-bandet er avklart om attraktive teknologier for offentlege mobilsystem vil bli sett i produksjon eller ikkje. Etter det Samferdselsdepartementet har fått opplyst vil det truleg verte teke stilling til dette i løpet av år 2003/2004. Fristen for å kunngjere avvikling av NMT 450-nettet vart i same vedtak redusert frå 2 til 1 år, men med ei plikt for konsesjonæren til 2 år før utløpet av konsesjonsperioden å varsle brukarane om at nettet kan verte avvikla frå og med 31. desember 2004.

Post- og teletilsynet har nyleg gjennomført ei høyring om framtidig bruk av frekvensane i 400 MHz-bandet, og for å sikre kontinuitet i bruken av desse frekvensane tek ein sikte på å gjennomføre ei tildeling mot slutten av år 2003 eller byrjinga av år 2004. Sjølv om NMT 450-nettet ikkje er eit dedikert nett for naudsamband, ser Samferdselsdepartementet at avvikling av nettet vil kunne få konsekvensar for område der det ikkje eksisterer eit alternativt mobilsamband til dette sambandet. Det vil difor vere eit mål ved ei framtidig tildeling å oppnå ei så god dekning som mogeleg for nytt mobilsamband bygd på 400 MHz frekvensane.