Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:281 (2001-2002)
Innlevert: 21.03.2002
Sendt: 22.03.2002
Besvart: 03.04.2002 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): I Evje og Hornnes kommune er det utryggleik i forhold til korleis kommunal- og regionalministeren handterer spørsmålet om etablering av eit transittmottak for asylsøkjarar i kommunen.
Vil statsråden tillate at det vert lagt eit transittmottak til kommunen utan kommunen sitt samtykke?

Begrunnelse

Evje og Hornnes kommune har vore ein av dei mest forsvarsavhengige kommunar i Noreg. Evjemoen vart vedtatt nedlagt i juni 2001. Etter vedtaket om nedlegging har Evje og Hornnes fått omstillingsstatus, og kommunen har forhandla med Forsvaret for å overta Evjemoen leir. Kommunen legg opp til ny næringsetablering i Forsvaret sine lokaler, og fleire firma i oppstartingsfasen ynskjer å koma på plass i desse lokala snarast. Ein del av bygningsmassen er frå kommunen si side planlagt utleidd til UDI. Men dialogen kommunen har hatt med UDI har stansa opp. Kommunen har samstundes fått kjennskap til at det er kontakt mellom Forsvarsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet om UDI si lokalisering. Dette skjer etter det eg skjønar utan at kommunen er involvert, og på tross av at kommunen har lagt ned eit stort arbeid for å sikre ein best mogleg omstillingsprosess etter at Evjemoen vart nedlagt. Det skaper uro i kommunen for at det vert gjort eit vedtak om etablering av mottak på Evjemoen utan at kommunen vert konsultert eller involvert i prosessen.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Som Stortinget har vedteke skal etablering og drift av statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar leggjast ut på anbod. Det er ikkje ønskjeleg for nokon at det blir etablert mottak i ein kommune mot kommunen sitt ønske, men ulike interesser ved etablering av mottak gjer at dette skjer frå tid til anna. Eit transittmottak av den storleik og type som Utlendingsdirektoratet har planar om å etablere i Evje og Hornes kommune, vil ikkje bli etablert utan at kommunen gjev sitt samtykke. Utlendingsdirektoratet har sagt dette ved mange høve. Eg som kommunal- og regionalminister står sjølvsagt ved dette, og eg er glad for at det er ein god dialog mellom kommunen og Utlendingsdirektoratet i denne saka.