Skriftlig spørsmål fra Olav Akselsen (A) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:324 (2001-2002)
Innlevert: 22.04.2002
Sendt: 22.04.2002
Besvart: 29.04.2002 av miljøvernminister Børge Brende

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Vil statsråden medverke til at Fundia Armeringsstål AS i Mo i Rana får bistand til å møte dei utslippskrava for kvikksølv som verksemda er pålagd?

Begrunnelse

Fundia Armeringsstål AS er pålagd å installere reinseanlegg for kvikksølv. Bedrifta er Noreg si største gjenvinningsbedrift, og er i hard konkurranse med stålprodusentar over heile verda. Eit slikt reinseanlegg vil koste ca. 40 mill. kr, og ha årlege kapital-, drifts- og deponikostnadar på ca. 7 mill. kr i året. Pålegget er einsidig norsk, og tilsvarande pålegg for konkurrerande bedrifter i utlandet er ikkje kjende.
Pr. i dag finst det ikkje utprøvd teknologi på området. Det er derfor rimeleg at staten bidreg til å finna ei løysing for verksemda, da reinsinga både må sjåast som ei utprøving av ny teknologi, og som eit einsidig norsk pålegg overfor ei konkurranseutsett bedrift.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Eg viser til spørsmål nr. 324 frå representanten Olav Akselsen om statsråden vil medverke til at Fundia Armeringsstål AS i Mo i Rana får bistand til å møte dei utsleppskrava for kvikksølv som verksemda er pålagd.
I byrjinga av 2000 vart det avdekka at Fundia Armeringsstål AS (Fundia) hadde eit utslepp av kvikksølv til luft på over 100 kg per år. Fundias tillating av 4. mars 1997 omfatta ikkje utslepp av tungmetall til luft. Basert på bedrifta si undersøking av samanhengen mellom kvikksølvforureining og skrapjerntypar og tru på at det ville vere mogleg å redusere kvikksølvutsleppet ved selektive innkjøp av skrapjern, ga Statens forurensningstilsyn (SFT) i brev av 24. oktober 2000 midlertidig tillating til utslipp av 80 kg kvikksølv per år inntil eit reinseanlegg for kvikksølv kunne setjast i drift. I brev av 23. mars 2001 til SFT opplyste bedrifta at det trass i gjennomførte tiltak ikkje var mogleg å overhalde utsleppsgrensa på 80 kg kvikksølv per år ved normalt produksjonsnivå, og søkte om endra grense på 140 kg kvikksølv per år. Bedrifta sitt brev av 23. mars 2001 vart oversend departementet som fant at det i brevet var opplysningar som ikkje låg til grunn for SFT sitt vedtak av 24. oktober 2000 og som gjorde det nødvendig at saka vart vurdert på nytt i underinstansen. I brev av 10. mai 2001 oppheva departementet derfor SFT sitt vedtak av 24. oktober 2000, og sende saka tilbake til SFT for ny behandling. SFT arbeider no med ei heilt ny utsleppsgrense for Fundia. Inntil det vert gjeven ny utsleppstillating, gjeld det ei midlertidig tillating. Det er først når SFT har fastsett ny utsleppstillating at det vil bli klarlagt eventuelle behov for reinseanlegg.
Sidan det i dag berre føreligg ei midlertidig tillating, er det altså ikkje avklart kva krav som vil bli stilt til rensing av kvikksølv. Det er derfor alt for tidleg for meg å ta stilling til om Fundia vil få bistand til å møte dei utsleppskrava for kvikksølv som verksemda eventuelt blir pålagd.