Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til justisministeren

Dokument nr. 15:327 (2001-2002)
Innlevert: 22.04.2002
Sendt: 22.04.2002
Rette vedkommende: Helseministeren
Besvart: 26.04.2002 av helseminister Dagfinn Høybråten

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Gjennom dagspressa er det kunngjort reglar for såkalla Schengen-attestar, attestar som må medbringast dersom ein skal ut og reise og er avhengig av medisinar som er narkotikaklassifiserte. Dette synest å vera det motsette av forenkling av kvardagen for folk flest.
Kva har Regjeringa gjort for å hindra ei slik byråkratisk ordning?

Begrunnelse

Innsatsen for å redusera tilgangen på narkotika må heilt klart intensiverast. Det synest merkeleg at medan t.d. synlege tollarar på vakt er redusert, innfører ein no ei ordning som forvanskar og fordyrar ein utanlandstur for mange som er avhengig av medisinen sin for å fungera. Det går fram av kunngjeringa frå Statens legemiddelverk at det krevst ein attest for kvar medisin, at kvar attest gjeld i 30 dagar og at apoteka kan ta gebyr for arbeidet. Det vert opplyst at dei 15 Schengen-landa kan ha ulike lister. Den som skal på tur bør difor ta kontakt med det einskilde landet sin ambassade eller konsulat, vert det sagt. Det undrar meg om statsråden er fornøgd med ei slik ordning.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: 25. mars 2001 blei Noreg med i det operative Schengensamarbeidet. Schengen-konvensjonen inneheld mellom anna føresegn om attestar for å ta med narkotikaklassifiserte lækjemiddel til personleg bruk på reiser mellom landa i samarbeidet. Landa i samarbeidet er ved artikkel 75 i konvensjonen forplikta til å by innbyggjarane sine ein attest som dokumenterer den reisande sitt eigarforhold til narkotikaklassifiserte lækjemiddel. Om den reisande har med slik attest, kan det landet i samarbeidet han reiser til, ikkje nekte han å ha med lækjemidla inn i landet.
Samarbeidsavtalen med EU som legg grunnlaget for vår deltaking, er ei følgje av at EU gjennom Amsterdamtraktaten tok over ansvaret for og kontrollen med Schengen-reglane.
Frå tidlegare, og desse reglane gjeld framleis for inn- og utreise til land utanfor Schengensamarbeidet, var det også krav om at reisande måtte dokumentere at lækjemiddel som inneheldt narkotiske stoff var skrive ut til vedkommande sitt eige bruk. Etiketten på pakninga, resept eller anna legeerklæring kunne tene som dokumentasjon, jf. retningsliner frå Statens helsetilsyn og forskrifter om narkotikum. Men det var ikkje noka felles ordning tidlegare, slik attestordninga er, for heile Schengen-området.
Attesten kan gjelde for bruk av lækjemiddel i inntil 30 dagar. For dei som treng å ta med seg slike lækjemiddel for lengre tid, kan det nytte å kontakte ambassaden til det landet det gjeld for å undersøkje kva dette landet krev. Undersøking hjå andre lands styresmakter kan likeins gi andre enklare ordningar for reise til det spesifikke landet.
For å gjere ordninga enklare for dei reisande har departementet inngått ei avtale med apoteka ved Norsk Apotekerforening, som gjer at kvart enkelt apotek kan utferde attestane med ein gong. Den som skal ut og reise, treng såleis ikkje lenger skrive til Statens legemiddelverk og deretter måtte vente i opptil to veker for å få attesten. For å dekkje apoteka sine kostnader til dette arbeidet er det avtalt at dei kan krevje inntil 75 kr for kvar enkelt attest.
Eg har ikkje oversikt over kva reglar dei enkelte europeiske landa praktiserte før den nye artikkelen tok til å gjelde. Men også etter at nye reglar gjeld innanfor samarbeidsområdet er det avvik i praktiseringa i dei enkelte landa. Også i dag vil mange land akseptere slik dokumentasjon som tidlegare. Problema som den enkelte reisande kan møte, er såleis som tidlegare avhengige av praktiseringa av regelverket i det landet den reisande besøkjer. Men til skilnad frå tidlegare, kan den reisande som har med Schengen-attest, no vere trygg på å få føre med seg dei lækjemidla som er omfatta. Dette er ei betring av situasjonen for den reisande samanlikna med tidlegare.
Både i ministerrådsmøte og på embetsmannsplan har Noreg prøvd å få semje om ei felles nordisk plattform som kan føre til enkle og gode ordningar for borgarane. Noreg har drøfta tolkinga av Schengen-avtalen med dei andre nordiske landa og vil samarbeide vidare for å bli einige om ei felles liste over kva lækjemiddel med innhald av narkotika som er omfatta av avtalen, dessutan om det vidare innhaldet i avtalen og eksekutivkomiteen si forståing.
Derfor meiner eg vi har fått ei betre og enklare ordning for pasientane no etter at apoteka har teke på seg å utferde attestane. Vidare vil eg innanfor det nordiske samarbeidet halde fram med å arbeide for at ordninga skal betrast.