Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til sosialministeren

Dokument nr. 15:344 (2001-2002)
Innlevert: 26.04.2002
Sendt: 26.04.2002
Besvart: 03.05.2002 av sosialminister Ingjerd Schie Schou

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg viser til vedlagde artiklar frå Stavanger Aftenblad av 23. og 26. mars der det framgår at ein familie på Sandnes kjem til kort i forhold til tilrettelegging for heimebasert omsorg for ei lam jente på 15 år.
Vil statsråden ta initiativ til ei klargjering av regelverket slik at familiar som ynskjer det kan ha økonomisk og praktisk høve til å ha barnet sitt buande heime?

3 vedlegg til spørsmål:

Vedlegg 1.

http://aftenbladet.no/nyheter/lokalt/article.jhtml?articleID=120303
(Artikkel i Stavanger Aftenblad den 23. mars 2002 "Lammet etter ulykke - frykter økonomisk ruin")

Vedlegg 2.

http://aftenbladet.no/nyheter/lokalt/article.jhtml?articleID=120468
(Artikkel i Stavanger Aftenblad den 26. mars 2002 "Politiker tar saken")

Vedlegg 3.

http://aftenbladet.no/nyheter/lokalt/article.jhtml?articleID=120467
(Artikkel i Stavanger Aftenblad den 26. mars 2002 "Vurderer å saksøke Stavanger kommune")

Begrunnelse

Mor til ei jente som vart lam etter ei badeulukke, har måtta bruka ei mengd tid og krefter frå instans til instans utan å oppnå eit opplegg ho kan godta. Dette må seiast å vera eit døme på ein situasjon vi felles frå Stortinget og Regjeringa søkjer å unngå at folk skal oppleva. Eg ber statsråden gå inn i denne saka, vurdera regelverket for funksjonshemma over og under 18 år, sjå om meir kan ytast av hjelp innanfor dagens reglar og også peika på eventuelle forslag til aktuelle endringar.

Ingjerd Schie Schou (H)

Svar

Ingjerd Schie Schou: Den konkrete saka det blir vist til i spørsmålet gjeld ein familie som er komen i ein vanskeleg situasjon på grunn av kostnader knytta til barnet sin funksjonshemming. I dette tilfellet er det kostnader som følgje av ombygging av bustad, og behov for spesialtilpassa bil. Eg vil først gjere greie for regelverket på desse områda.
Støtte til ombygging av bustad er Kommunal- og regionaldepartementet sitt ansvarsområde, og eg har derfor tatt kontakt med Kommunal- og regionaldepartementet om denne saka.
Funksjonshemma er ei særleg prioritert målgruppe for Husbanken sine låne- og tilskotsordningar og bustønad. Verkemidla Husbanken har for å hjelpe slike familiar, er hovudsakleg å kombinere lån og tilskot. Bustadtilskot har som føremål å hjelpe husstandar med svak økonomi til å skaffe seg ein nøktern og eigna bustad.
I denne konkrete saka fekk familien 30 pst. tilskot og 70 pst. lån til å finansiere nødvendige tilpassingar av bustaden i form av utbygging og utbetring. I første rekke fekk familien hjelp til prosjekteringa av Husbanken. Seinare vurderte kommunen kor høgt tilskot som ville vere aktuelt. På bakgrunn av denne vurderinga fekk familien 300 000 kr i bustadtilskot. Sandnes kommune administrerer ordninga med bustadtilskot sjølv, og kommunen vurderer og kor høg tilskotsutmålinga skal vere i dei enkelte sakene.
Ordninga med bustadtilskot er ei svært etterspurd ordning. Etterspurnaden er langt høgare enn midlane som er stilt til disposisjon. Funksjonshemma er høgt prioritert og vil i dei fleste tilfelle få tilskot dersom den økonomiske situasjonen tilseier det. Sandnes kommune si utmåling på 30 pst. tilskott tilsvarar ordinær utmåling, men det er mogleg å gi høgare tilskot i særleg vanskelege saker. Dette avheng av midlane kommunen har til disposisjon og kor mange søknader dei har fått.
Regelverket og praktiseringa av dette skil ikkje mellom mindreårige og vaksne. Når det gjeld bustønad, vil husstanden si samla inntekt vere utslagsgivande.
Folketrygda gir økonomisk støtte til kjøp av bil, dersom ein treng eigen bil til betring av funksjonsevna i arbeidslivet eller i dagleglivet. Det kan også bli gitt stønad til bil for å avlaste familien når funksjonshemminga fører til særleg stor pleiebyrde, og med dette bidra til å hindre innlegging i helseinstitusjon og liknande.
Stønad til kjøp av bil gis som rente- og avdragsfritt lån. Dette blir utrekna ut frå godkjent kjøpesum. Lånet er økonomisk behovsprøvd, og kan gis til søker som har ei inntekt som ikkje overstig 6 ganger folketrygda sitt grunnbeløp (308 160 kr). Ved inntekt under 3 G (154 080 kr) gis rente- og avdragsfritt lån tilsvarande 100 pst. av kjøpesummen. Ved inntekt mellom 3 G og 6 G blir lånet utrekna i prosent av godkjent kjøpesum.
Som grunnlag for utmåling av stønadsbeløp blir alminneleg inntekt før særfrådrag nytta, kor mellom anna gjeldsrenter er trekt frå. Ved utmåling blir det gjort frådrag i inntekta med 1/4 G for kvar person som blir forsørgd av søkeren.
Til søker som er under 18 år og blir forsørgd, gis rente- og avdragsfritt lån tilsvarande det lån forsørgjaren ville hatt rett til, dersom denne hadde fylt vilkåra for stønad til kjøp av bil.
Departementet arbeider for tida med ei omfattande forenkling av bilstønadsordninga. Arbeidet byggjer på ei utgreiing som Rikstrygdeverket la fram i 2001. Målet er mellom anna at ordninga skal bli enklare å forstå for brukarane, og lettare å administrere for trygdekontora. Brukarorganisasjonane har delteke i arbeidet, og utgreiinga har vore på høring.
Eventuelle framlegg til regelendringar skal etter planen leggjast fram for Stortinget i samband med statsbudsjettet for 2003.
Familiar med barn med omfattande funksjonshemmingar vil ha behov for hjelp frå ei rekke offentlege instansar. Da er det viktig å ha eit heilskapsperspektiv, der også familien sin økonomiske situasjon blir tatt med i vurderinga. Både sosialtenestelova (§ 3-2, jf. § 4-1) og helselovane (forskrift om individuell plan) påbyr kommunen eit samordningsansvar, når det er behov for bistand frå fleire instansar innan hjelpeapparatet. Ifølgje sosialtenestelova § 8-4 skal hjelpetilbodet så langt som mogleg utformas i samarbeid med brukaren, og det skal leggjast stor vekt på brukaren si meining. Barn med funksjonshemming har same rett som andre barn til å få vokse opp hos sine foreldre, og dette må være utgangspunktet når kommunen skal vurdere kva slags hjelpetiltak som skal setjast i verk. Når ombygging av bustaden er ei forutsetning for at barnet kan bli buande saman med foreldra sine, må det leggjast til rette for dette.
Denne konkrete saka kan tyde på at Husbanken sine støtteordningar ikkje i naudsynt grad tar vare på funksjonshemma barn sine behov. Eg vil ta dette opp med kommunal- og regionalministeren.
Når det gjeld stønad til kjøp av bil, arbeider departementet som nemnt med å forenkle regelverket.