Olav Akselsen (A): Den siste tida er det hevda i media at SIVA sitt engasjement i Panevezys Næringspark i Litauen har ført til utflytting av norske verksemder.
Kan statsråden stadfesta at dette er tilfelle, og vil statsråden i så fall sørgje for at SIVA sine aktivitetar internasjonalt ikkje medverker til utflytting av verksemder frå Noreg?
Begrunnelse
Den internasjonale aktiviteten til SIVA kan vera naudsynt for å hjelpa norske verksemder inn på nye marknader, men det har aldri vore meininga frå politisk hald at SIVA sine ordningar skal hjelpa verksemder som vil flytta ut av Noreg for å kutta lønskostnader.