Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til helseministeren

Dokument nr. 15:398 (2001-2002)
Innlevert: 23.05.2002
Sendt: 24.05.2002
Besvart: 31.05.2002 av helseminister Dagfinn Høybråten

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Tal frå Helsedepartementet syner store forskjellar i løyvingar pr. innbyggjar i dei ulike helseforetaka. Helse Øst 6 663 kr pr. innbyggjar, medan Helse Vest berre får 5 139 kr pr. innbyggjar.
Kva er grunngjevinga for forskjellane i løyvingar, og vil statsråden auke løyvingane til Helse Vest?

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Grunngjevinga for fordelinga av løyvingane i 2002 var å føre vidare fylkeskommunane sitt faktiske forbruk innanfor spesialisthelsetenesta, utan å gjere store økonomiske endringar fyrste året i reforma. Dette gjeld for alle regionane i 2002. Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2002 slutta Stortinget seg til dette prinsippet for fordeling av løyvingar mellom helseregionane slik det vart gjort greie for i budsjettframlegget til Stoltenberg-regjeringa og i tilleggsnummeret frå Bondevik-regjeringa.

Kor stor del av folkemengda som høyrer heime i ein region er ikkje eit tilstrekkeleg kriterium for å samanlikne utgiftsbehovet mellom regionar. I tidlegare løyvingar til fylkeskommunane blei det òg lagt inn andre kriterium som spreiing i alder, skilnader i storleik, avstand, helsetilstand osv., for å fange opp geografiske skilnader i behov for løyvingar. Helse Vest RHF har eit relativt sett lågare utgiftsbehov målt med disse kriteria enn når ein ser på storleiken til folkemengda åleine. I tillegg låg det i tidlegare løyvingar òg eit særskilt tilskott til dei tre nordlegaste fylka, noe som også gjer sitt til at fordeling av løyvingar ikkje samsvarer med storleiken til befolkninga.

Eg har no sett i verk ein full gjennomgang av heile finansieringssystemet. Regjeringa har sett ned eit eige utval som skal sjå på finansieringa av dei regionale helseforetaka. Dette utvalet, som er leia av professor Terje P. Hagen, skal leggje fram si innstilling ved utgangen av dette året med sikte på at avgjerd og oppfølging av utvalet sitt arbeid kan leggjast til grunn også for fordelinga av løyvingane til dei regionale helseforetaka frå 2004.

Eg tek òg sikte på å vurdere utjamnande åtgjerder i høve til mogelege uheldige verknader av fordelinga av løyvingane i arbeidet med budsjettet for 2003.