Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:401 (2001-2002)
Innlevert: 23.05.2002
Sendt: 24.05.2002
Rette vedkommende: Nærings- og handelsministeren
Besvart: 30.05.2002 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Redningsvestar som vert brukt på norske passasjerferjer og hurtigbåtar er ikkje lenger godkjende av EU. I Noreg har det frå fagleg hald òg kome fram alvorlege innvendingar mot desse vestane. Ein annan type norskproduserte redningsvestar har EU-godkjenning, men rederia som ynskjer å bruka denne har så langt fått avslag frå Sjøfartsdirektoratet. Saka skaper uro rundt tryggleiken til sjøs.
Vil statsråden ta initiativ for å endra på dette?

Begrunnelse

Går fram av spørsmålet.

Ansgar Gabrielsen (H)

Svar

Ansgar Gabrielsen: Oppfølginga av "Sleipner"-ulykka har mellom anna ført til at Noreg i dag har verdas strengaste krav til redningsvestar på passasjerskip. I tillegg til oppfylling av internasjonale minstekrav, skal redningsvestar etter norske krav gi skydd mot nedkjøling, være enkel å iføre seg også i mørke og sitte godt fast mot kroppen. Det er derfor ikkje tilstrekkeleg berre med EU-godkjenning for redningsvestar på norske passasjerskip.
Det er i dag to alternativ som er godkjende av Sjøfartsdirektoratet; redningsvesten "Regatta Thermo Cruise" og passasjerdrakta "Helly Hansen P2000" i kombinasjon med redningsvest av typen "T-vesten" eller "Seamaster". Utover dette er Sjøfartsdirektoratet kontakta av fire produsentar som har produkt på forskjellige utviklingsstadier, utan å ha mottatt søknad om godkjenning frå nokon av desse.
Redningsvesten "Regatta Thermo Cruise" er "rattmerka" av Det Norske Veritas, som er utpeikt av NHD som teknisk kontrollorgan (TOK) etter Skipsutstyrsdirektivet 96/98/EØF.
EU-kommisjonen har vist til skipsutstyrsdirektivet og bedt om at norsk typegodkjenning av redningsvesten "Regatta Thermo Cruise" blir trekt. Ein redningsvest er et kompromiss mellom mange behov, kor uklare testprosedyrar utfylles av erfaring og skjønn. Sjøfartsdirektoratet trur årsaka til EUs oppfølging er at praksis ved testing av redningsvestar framleis er forskjellig mellom flaggstatar. Noreg har derfor saman med USA og Storbritannia tatt initiativ i IMO (International Maritime Organization) for å forbetre krav og testmetodar for personleg verneutstyr.
Sjøfartsdirektoratet held fast at "Regatta Thermo Cruise" er den beste redningsvesten som finnes på marknaden i dag.
NHD arbeider nå med å avklare det nærare innhald og konsekvensar av Kommisjonens brev. Frå norsk side vil vi be om tilgang til det materiale som Kommisjonens vedtak er bygd på. I samråd med Sjøfartsdirektoratet vil NHD vurdere den nærare oppfølginga av saka.