Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg viser til oppslag i NRK 5. juni der nestleiaren i OFS uttrykkjer uro fordi mange hundre personar no er oppsagde på riggane som fylgje av mellombels manglande kontraktar. Det vert sagt at enda fleire står i fare for å bli oppsagde.
Vil statsråden ta initiativ overfor oljeindustrien for å sikre einskildmenneske i ein akutt vanskeleg situasjon og også på lengre sikt ta vare på verdifull kompetanse?
Begrunnelse
Utsiktene for offshoreverfta synest å vere dei same som for riggane. Dei er inne i ein mellombels nedgang i 2002, men har von om nye oppdrag i 2003. I 1998 inngjekk styresmaktene eit samarbeid som innebar tiltaksplassar, vedlikehald av kunnskap og supplerande opplæring. Det synest no å vere behov for eit liknande opplegg. Dette til beste både for den einskilde arbeidstakar, men også for landet, fordi ein slik kan ta vare på ein unik kompetanse.