Skriftlig spørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:515 (2001-2002)
Innlevert: 24.06.2002
Sendt: 24.06.2002
Besvart: 04.07.2002 av utenriksminister Jan Petersen

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): I Revidert budsjett for 2002 forutset ein samla finanskomité at Europaprogrammet blir ført vidare i heile perioden og at "det sørges for tilstrekkelige bevilgninger til dette".
Korleis vil utanriksministeren følgje opp dette og ivareta Stortingets forutsetningar for 2002?

Begrunnelse

Fleirtalet i finanskomiteen meiner at Europaprogrammet framleis skal sortere under UD, og at det vert gjeve støtte over departementet sitt budsjett.
Eg er kjent med at Europaprogrammet slit økonomiske og at dei no har vanskar med å betala husleige, løner mv. til dei fast tilsette for inneverande år. Programmet skal halda fram, då er det viktig at ikkje det blir stopp grunna manglande løyvingar i år.

Jan Petersen (H)

Svar

Jan Petersen: Utanriksdepartementet har over fleire år sett av midlar til forsking om europaspørsmål. Av budsjettet for i år for utanrikspolitisk forsking og utvikling på 02-området på totalt 9,5 mill. kr går 6 mill. kr til europaforsking. Dette er ein auke på 1 mill. kr frå i fjor.
Europaprogrammet vart i inneverande år tildelt 3 mill. kr i driftsstøtte over budsjettet til europaforsking. Dette utgjer halvparten av det totale budsjettet.
Slik Utanriksdepartementet ser det, kvalifiserer ikkje Europaprogrammet til statleg forskingsstøtte slik arbeidet blir drive i dag. Mellom anna viser ei uavhengig evaluering at arbeidet i Europaprogrammet berre i liten grad er forskingsbasert. Europaprogrammet driv likevel nyttig informasjons- og utgreiingsarbeid om utviklinga i Europa.
For å stimulere til auka vektlegging av eige forskingsarbeid vart Europaprogrammet invitert til å søkje prosjektbasert støtte i konkurranse med andre forskingsinstitusjonar. Utanriksdepartementet si ramme for slik støtte er 3 mill. kr. Av dette blir 2 mill. kr administrert av Noregs forskingsråd gjennom strategiske instituttprogram, og 1 mill. kr direkte av Utanriksdepartementet.
Søknadsfristen for strategiske instituttprogram gjekk ut 15. juni d.å. Då fristen gjekk ut, hadde Forskingsrådet fått inn fire søknader, men ingen frå Europaprogrammet. Europaprogrammet har derimot søkt om støtte frå UD sine prosjektmidlar på 163 000 kr til prosjektet Italias politiske og økonomiske situasjon og dens utvikling. Søknaden fell utanfor dei tema som var definerte som sentrale i utlysinga, og er difor avslått.
I den europapolitiske plattforma legg Regjeringa stor vekt på å styrkje europaforskinga i Noreg gjennom auka løyvingar og ved satsing på langsiktig forsking. Dette er noko av bakgrunnen for at det i Revidert statsbudsjett er vedteke at Europaprogrammet skal innlemmast i grunnløyvingsordninga som Noregs forskingsråd administrerer. Dette vil gje meir stabile rammevilkår.
La meg også nemne at vi tek sikte på å gjere ferdig ein heilskapleg forskingsstrategi for Utanriksdepartementet i løpet av hausten.
Utanriksdepartementet er gjort kjent med at Europaprogrammet er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Vi vil på denne bakgrunnen på nytt vurdere å gje ei mindre tilleggsløyving for å medverke til å oppretthalde informasjonsformidlinga mellom anna gjennom bladet Fokus Europa.