Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vard-modellen, eit samarbeidsprosjekt i integrering av innvandrarar, flyktningar og asylsøkjarar, har fått mykje positiv omtale. Fotballklubben Vard synest her gjennom fleire år å ha gjort eit banebrytande arbeid for integrering av barn. Gjennom ulike aktivitetar kan også resten av familien få både språktrening, ei positiv fritid og høve til å gjere noko i lag med barna.
Vil statsråden ta initiativ til å sikre ein forutsigbar økonomi for Vard-modellen, og også vurdere nærare overføringsverdien til andre kommunar?
Begrunnelse
Gjennom samarbeid med ei rekkje organisasjonar vert integreringa gjensidig, ei utveksling mellom ulike kulturar medverkar til større forståing og respekt. I dag deltek 61 innvandrarar på 21 fotballag. Familiekveldar, vietnamesisk-norsk, kurdisk-norsk og Kosovo-norsk arrangement er berre nokre få av mange døme på aktivitetar. Skular, tolketeneste, kyrkjelydar og politi er nokre av mange samarbeidspartnerar. Kommunalkomiteen sine medlemmer er av dagleg leiar for Vard-modellen gjort kjend med det slitet det er å sikre ein forutsigbar økonomi. Statsråden har tidlegare i svar på spørsmål frå Senterpartiet vist til manglande midlar i forhold til søknadsmengda på departementet sitt budsjett for inneverande år. I sitt arbeid med integrering vil Vard ha verdifull erfaring å dele både med departementet og med mange lokalmiljø. Eg vil difor be statsråden i samband med si førebuing til statsbudsjett for neste år å fylgje opp den oppfordringa som ligg i innleiingsspørsmålet.