Skriftlig spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:535 (2001-2002)
Innlevert: 02.09.2002
Sendt: 02.09.2002
Besvart: 06.09.2002 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Når vil statsråden ta initiativ til å gjennomføre ein sluttbehandling av forslag til endring av plan- og bygningslova, endring av § 106a Heis, rulletrapp og rullende fortau?

Begrunnelse

Ifølgje plan- og bygningslova blir huseigar pålagd å få sine heisar rutinemessig kontrollert. Denne kontrollen kan bare utførast av Norsk Heiskontroll, som er ein offentleg stiftelse. I tillegg det kommunale ordningar i Oslo og Sandnes. I landet elles har Norsk Heiskontroll monopol.
Dagens ordning blei innført i 1987. I samband med AAD sitt framlegg til endringar i forskrift til plan- og bygningslova i brev av 21. april 1999 til Konkurransetilsynet, påpeikte Konkurransetilsynet det uheldige ved dette monopolet. Mellom anna blei det hevda at: "Et regulert monopol som hindrer utvikling av nye, mer effektive løsninger på området". Konkurransetilsynet foreslo fjerning av unødvendig konkurransehindringar og at det blei sett objektive kriterium for kven som skal sertifisere. Departementet (KRD) sendte den 9. februar 2001 ut på høyring "Forslag til endringer i plan- og bygningsloven § 106a Heis, rulletrapp og rullende fortau". Departementet gjorde framlegg om å opne marknaden for tryggleikskontroll og at slik kontroll skal kunne bli utført av sentralt godkjende føretak som er kvalifiserte for oppgåva etter nærare fastsette kvalifikasjonskrav.
Så langt eg kjenner til blei ikkje høyringssvara arbeidd vidare med i departementet og det blei heller ikkje gjort framlegg til endringar.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Som De er kjent med sendte Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) den 2. februar 2001, under dåverande statsråd Sylvia Brustad, på høyring eit forslag om endringar i plan- og bygningslova. Eit sentralt forslag var å opne for at også andre enn kommunane og Norsk Heiskontroll (NHK) skulle kunne utføre tryggingskontroll av heis, rulletrapp og rullande fortau i drift. Etter reaksjonane i høyringsrunden vart ikkje forslaget fremma for Stortinget.

Eg støtter i utgangspunktet prinsippet som var lagt til grunn i høyringsforslaget, nemleg at den periodiske tryggingskontrollen bør kunne konkurranseutsetjast, til dømes etter den modellen som var skissert i departementet sitt forslag. Når eg likevel ikkje har funne det tenleg å ta initiativ til å fremje det same forslaget på nytt, har det samanheng med fleire forhold.

Det er mitt inntrykk at kundane gjennomgåande er godt nøgde med det tilbodet NHK gir, både når det gjeld pris og service (Det er no berre Oslo som har eigen kommunal heiskontroll). Tryggleiken er god. Det er svært få ulukker med personskade på dei nær 30 000 heisanlegga som fell inn under ordninga.

Høyringsrunden har etter mitt syn avdekka behov for ytterlegare utgreiingar. Eg har særleg festa meg ved innvendingar og uvisse knytt til spørsmål:

- om tryggleiken og prisnivået vil kunne oppretthaldast i alle deler av landet i ein liten, fri marknad (Berre ca. 40 årsverk er i dag knytt til ordninga.)

- om plan- og bygningslova og bygningsstyremaktene er den rette forankringa av eit slikt driftstilsyn

- om tryggingskontrollen etter plan- og bygningslova bør sjåast i samanheng med dei nærliggjande tilsynsordningane til Eltilsynet og Arbeidstilsynet (Sist nemnde har eit sjølvstendig tilsynsansvar for heisar i produksjonsprosessar i ei verksemd og heisar for rein varetransport.)

- om røynslene frå andre land som har privatisert kontrollen er gode. (Signala frå Sverige, som privatiserte tryggingskontrollen i 1995, er ikkje eintydige.)

Eg har i denne situasjonen tatt initiativ overfor Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD), som har ansvaret for Arbeidstilsynet, for å få nærare vurdert om det kan vere grunnlag for sjå dei ulike heiskontrollordningane i samanheng, eventuelt å slå dei saman for å gje ein større marknad for konkurranseutsetting. Etter eit møte like før sommarferien avventar vi no Arbeids- og administrasjonsdepartementet si vurdering.

Også i annan samanheng skjer det ei vurdering sentralt av organiseringa av tryggingskontrollen av heis, rulletrapp og rullande fortau. Regjeringa arbeider som kjent med ein gjennomgang av statlege tilsynsordningar med sikte på å presentere overordna prinsipp for statlege tilsyn i ei melding til Stortinget. I dette arbeidet, som vert leia av AAD, har KRD bedt om at også tilsynsordningane for heisanlegg (og tivoliinnretningar) vert vurdert i ein vidare samanheng. Tilsynsordninga vert også vurdert i samband med Regjeringa sitt arbeid med sikte på styrking av konkurransepolitikken.

I denne situasjonen finn eg det lite tenleg å ta opp att forslaget i den forma det vart sendt på høyring i fjor, men vil følgje opp tilsynsordninga med sikte på at det skal kunne etablerast eit tilsyn i framtida der private føretak med tilstrekkelege kvalifikasjonar skal kunne utføre slik tryggingskontroll.