Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Gjennom media er det gjort kjent at departementet vil be Oljedirektoratet om ein rapport når det gjeld bruk av overtid på norsk sokkel.
Når vil ein slik rapport føreliggja, og vil statsråden ta initiativ til at også Stortinget vert kjent med innhaldet i rapporten?
Begrunnelse
Stortinget har i vår handsama ei eiga melding om tryggleik på sokkelen. Det er bra at statsråden raskt bad om ei oppdatering frå direktoratet då arbeidsgjevarorganisasjonane sette fram påstandar om uakseptabel bruk av overtid. Det synest desto meir overraskande at noko så grunnleggjande som rett tilhøve mellom arbeid og kvile ikkje vart nærare drøfta i samband med St.meld. nr. 7 (2001-2002). Eg finn det difor rett at Stortinget får del i Oljedirektoratet sin rapport. Eg føreset også at Stortinget får høve til ei drøfting av departementet sine vurderingar og eventuelle forslag til oppfølging.