Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til justisministeren

Dokument nr. 15:538 (2001-2002)
Innlevert: 02.09.2002
Sendt: 02.09.2002
Besvart: 10.09.2002 av justisminister Odd Einar Dørum

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kan statsråden gje eit oversyn over tilstanden i marknaden når det gjeld bruk av symbol for narkotika for å marknadsføre andre produkt, og vil han vurdere om det er naudsynt med eit lovforbod mot varer som ved bilete, tekst eller anna, reklamerer for varer eller stoff som etter lova blir rekna som narkotika?

Begrunnelse

Det er naudsynt å ta i bruk ei rekkje tiltak for å minske bruk og etterspørsel av narkotika i dagens samfunn. Det foregår nå ein svært viktig debatt om tiltak for dei tyngste rusmiddelmisbrukarane. Samstundes er det viktig å ha fokus på det førebyggjande arbeidet.
Dei seinaste åra har vi opplevd ei nærast eksplosjonsarta utvikling i legaliseringsrørsla i Noreg. På same tid har vi sett fleire døme på at ulike produkt vert marknadsførte gjennom bruk av symbol knytt til narkotika. Døme på dette er cannabisblad og ecstasyfigurar. Eit anna kjent døme er forretningskonseptet i Oslo, Hemp House AS, som aktivt nyttar symbol knytt til marihuana for å promotere sine produkt. Slik bruk set narkotika i eit positivt og tiltalande lys, og kan fungere stikk i strid med førebygging. Det er forbod mot bruk og omsetjing av narkotika i Noreg. Det skulle difor vere sjølvsagt at reklame som kan oppfattast å vere for eit ulovleg produkt, ikkje er tillate.
I Noreg vart forbod mot alkoholreklame innført i 1973. Fleire europeiske land har etter dette innført reklamerestriksjonar. Dette forbodet er eit viktig og etablert element i norsk førebygging mot alkoholskadar.
Reklame som mellom anna nyttar narkotikasymbol må ikkje få utvikle seg til eit strategisk bidrag i kampen for å legalisere og ufarleggjere narkotika. Regjeringa føretok i 1998 ei vurdering av eit eksplisitt forbod. Konklusjonen var den gongen at eit forbod førebels ikkje var naudsynt. Det vart og peika på at ein i straffelova har heimel for å reagere.
I lys av den utviklinga vi no ser er det ynskjeleg med eit oppdatert oversyn over tilstanden i marknaden, her under også om politiet har gripe inn i einskildtilfelle i løpet av desse åra.

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Fyrst vil eg understreke at eg deler den bekymring som ligg i spørsmålet og grunngjevinga til representanten Meltveit Kleppa, for den utviklinga vi ser når det gjeld krav om legalisering av visse typar narkotika. Spørsmålet om legalisering av bruk og oppbevaring av mindre kvanta cannabis vil også kome opp i samband med den foreståande revisjonen av straffeloven. Sjølv om det er ei tid til høyringsfristen for straffelovskommisjonen si utgreiing går ut, vil eg alt nå gje uttrykk for at det etter mitt syn ikkje er noen farbar veg å gå at vi legaliserer bruk og oppbevaring av såkalla lettare, narkotisk stoff.
Dette synet er også lagt til grunn i arbeidet med handlingsplanen mot rusmiddelmisbruk som Regjeringa om kort tid vil leggje fram for å styrkje arbeidet mot narkotikamisbruk. I eit førebyggjande perspektiv er det derfor viktig å hindre at illegalt stoff blir tilgjengeleg. I denne samanhangen vil eg framheve at Regjeringa vil styrke politiet si førebyggjande innsats mot misbruk av rusmiddel blant unge for å hindre rekruttering til misbrukarmiljø. Derfor er informasjon til dei unge om narkotika og kunnskap om konsekvensar ved misbruk viktige element i eit slikt førebyggjande arbeid. Den liberaliseringa andsynes rusmiddelbruk som vi har sett vil auke i opinionen dei seinare åra, medfører at vår samla innsats må bli endå sterkare for å kunne førebyggje at ungdom byrjar å prøve narkotika, både frå styresmaktene, næringslivet og friviljuge organisasjonar si side. Parallelt med denne liberaliseringa har også legaliseringsrørsla blitt større, noe som også kan undergrave det førebyggjande arbeidet vårt.
Spørsmålet frå representanten Meltveit Kleppa er todelt. Den første delen gjeld spørsmålet om kva omfanget er når det gjeld bruk av ovanfor nemnde symbol. Dette har vi inga statistikkføring over. Politiet har ikkje prioritert aksjonar mot t.d. forretningar som sel brukarutstyr eller andre effektar som kan knytast til narkotika. Men politiet i Oslo opplyser om at ein der har relativt god oversikt over den marknaden som både gjeld både sal av brukarutstyr og sal av produkt som det er knytte spesifikke narkotikanamn til, som t.d. Hemp-produkt hos Body Shop; T-skjorter, smykke, sukkerty, karamellar og liknande med avbilda cannabisblad på; like eins bøker, heimesider på Internett osv. Det vanlegaste bildet på ulike varer er bilete av cannabisbladet som er legaliseringsrørsla sin logo. Politiet er også kjent med kvar desse produkta blir selde, samt gateseljarar som også har varer med slik avbilding. Men politiet har ikkje gripen inn overfor slik verksemd som gjeld varer med bilde eller namn på narkotika.
Den andre delen gjeld spørsmålet om det er naudsynt med lovforbod mot varer som ved bilete, tekst m.m. reklamerer for narkotika eller andre varer som kan reknast for narkotika. Det kan her vere tale om to ulike aspekt ved reklamering. For det første kan det vere snakk om direkte reklame for narkotisk stoff. For det andre kan det vere tale om namn og symbol på elles lovlege varer i sal, t.d. parfyme, T-skjorter, særskilde hudpleieprodukt eller liknande ("vareforbod").
Det kan i denne samanhangen synast naturleg at vi skulle ha hatt eit særskilt forbod mot å reklamere for narkotiske stoff på same måten som vi har forbod mot reklame for lovlege varer som tobakk og alkohol. Rein reklame for narkotika vil lett bli ramma av straffeloven § 140, som gjer det straffbart å oppmode til eller å forherlege ei straffbar handling, jf. også legemiddellova § 24. Og dei andre handlingane som spørsmålstilleren nemner, vil i nokre tilfelle omfattast. Det er forbode å reklamere for sal av narkotika til t.d. bestemte prisar på særskilde stader, all den tid oppbevaring, innehaving, distribusjon og omsetjing av narkotika er straffbart. Og i enkelte høve kan reklame reknast som straffbar medverknad.
Å knytte narkotiske stoff til varer kan vere med å ufarleggjere og forherlege stoffet. Dette representerer etter mi oppfatning ei form for snikreklame for bruk av narkotika. Mykje av denne snikreklamen er retta mot ungdom. Det kan i neste omgang kanskje bidra til at grensa for å prøve narkotika blir senka. Dette står i strid med det arbeidet som Regjeringa gjer for å redusere narkotikamisbruket. Eit effektivt og håndterbart vareforbod ville sannsynlegvis kunne vere eigna til å redusere talet på nysgjerrige som vil prøve. Eg vil her nemne at Forsvarets rusmiddeldirektiv som kom i mai dette år, inneheld forbod mot å bere symbol som kan knytast til narkotika, innan Forsvaret.
Men eit særskilt forbod mot å reklamere for narkotiske stoff vil medføre ei rekke kompliserte avvegingar både når det gjeld definisjonen av kva vi forstår ved slik reklame og når det gjeld avgrensing av kva som er namn på andre, lovlege produkt som ikkje har samanhang med narkotika. Eit vareforbod, der namn på varer også kan knytast til narkotiske stoff, vil såleis ramme legitime varer som er i lovleg sal i dag, bl.a. varer som klesplagg og parfyme etc. Det er særleg eit slikt vareforbod som reiser tolkingsspørsmål. Sjølv om ein løyser spørsmålet om kva for produkt som ikkje skal bli ramma gjennom å gje høve til dispensasjon, vil det likevel kunne bli vanskeleg å definere kvar grensa skal gå for kva for varer ein skal dispensere for. Sjølv om ein skulle kunne ha oversikt over varer det skal dispenserast for, vil det kome nye varer til som vil kunne bli ramma av eit forbod. Alt i alt vil det kunne bli vanskeleg å trekkje grensa mellom det lovlege og det ulovlege.
Eit reklameforbod vil også ha ei side til retten til ytre seg fritt. Det finst ingen reglar som rammer ytringar om narkotika, t.d. ytringar mot offisiell norsk narkotikapolitikk. Slik sett kan ein sjå eit generelt forbod mot reklame som eit inngrep i retten til fritt å setje fram ytringar, bl.a. gjennom bilete av cannabisblad eller varer med namn på narkotisk stoff. Eit slikt inngrep i retten til å ytre seg må vegast opp mot interessa å verne om folkehelsa. Dette er så generelle uttrykk at dette neppe vil bli ramma av ovanfor nemnde reglar i straffeloven. Etter mi oppfatning må vi derfor i ytringsfridomen sitt namn nok akseptere at noen uttaler seg til fordel for fri omsetning av cannabis.
Men eit reklameforbod vil ikkje nødvendigvis gripe inn i retten til å ytre seg fritt for eller imot narkotika generelt, men bare i retten til å reklamere for eller imot narkotika. Etter mi oppfatning er eit reklameforbod eit relativt lite inngrep i ytringsfridomen og omsynet til folkehelsa må vege tungt. Eit vareforbod kan framstå meir som ei hindring for utøving av næringsverksemd snarare enn ei avgrensing av ytringsfridomen. Slik sett kan dette tale for eit spesifikt vareforbod. Men desse aspekta ved eit eventuelt reklameforbod må drøftast grundig før ein eventuelt vedteke eit slikt forbod.
Eit vareforbod vil også utgjere ei avgrensing i kva slags produkt som kan omsetjast på den nasjonale marknaden. Eit slik forbod vil kunne vere i strid med EØS-reglane og eventuelt utgjere ei handelshindring etter artikkel 11. Eg finn ikkje grunn til her å gå inn på noen drøfting av spørsmålet om eit slik forbod kan omfattast av noe unnatak i artikkel 11, men bare peike på at slikt forbod alt i alt reiser vesentlege problem i forhold til EØS-avtalen.
Eg vil heller ikkje sjå bort frå at å innføre eit spesifikt forbod mot varer som reklamerer for narkotiske stoff, kan virke inspirerande innan eit så komplisert område på nettopp grupper innan legaliseringsrørsla til å prøve grensene for kva som vil vere lovleg og kva som vil vere forbode. Her kan vi trekke lærdom av røynslene med reklameforbod mot alkohol.
Den legaliseringsdebatten som vi ser tilta i dag, må vi møte med grundig gjennomtenkte og vektige argument og syte for at vi har ein heilskapleg politikk mot narkotikakriminaliteten for å kunne redusere etterspørselen etter narkotika og redusere bruken. Ikkje minst er det viktig at vi møter legaliseringsdebatten med sakleg og god informasjon og med førebyggjande arbeid på fleire plan.
På denne bakgrunn finn eg det nå ikkje tilrådeleg å gå inn for å endre loven slik at vi får forbod mot varer som ved bilete, tekst eller anna reklamerer for varer eller stoff som etter lova blir rekna som narkotika, ut over det som det allereie finst heimel for å forby.