Skriftlig spørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til helseministeren

Dokument nr. 15:567 (2001-2002)
Innlevert: 16.09.2002
Sendt: 16.09.2002
Besvart: 23.09.2002 av helseminister Dagfinn Høybråten

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): Etter at staten overtok ansvaret for sjukehusa, treng vi stortingsrepresentantar grundig informasjon frå helseregionane for å kunna gjera oss opp ei meining kva som trengst av løyvingar for vår region.
Vil helseministeren medverka til at stortingsrepresentantane kan få all informasjon som dei ulike helseføretaka sit inne med?

Begrunnelse

Med bakgrunn i dei store kutta som styret i Helse Bergen har gjort, har eg bedt administrerande direktør invitera oss stortingsrepresentantar frå Hordaland til ein gjennomgang av ulike forhold ved Helse Bergen.
Eg får svar attende at Helse Bergen må forholda seg til Helse Vest, og at det er berre Helse Vest som kan invitera stortingsrepresentantar til informasjonsmøte.
Eg ber om at helseministeren ordnar opp i desse tilhøva slik at vi som skal gjera vedtak får kjennskap/kunnskap om alle forhold vi treng, og at dei ulike helseføretaka kan ta direkte kontakt med "sine" stortingsrepresentantar.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Eg legg stor vekt på å leggje til rette for at Stortinget og stortingsrepresentantane skal få den informasjon som trengst for å fylle rolla si og for å kunne behandle budsjettsaker og andre saker om dei nye helseføretaka. Eg legg òg vekt på at dette skjer i former som samsvarer med etablerte prosedyrar for dialog mellom storting, departement, forvaltning og eigde selskap. Med det som utgangspunkt vil eg trekkje fram dette:
For alle regjeringar er det ei utfordring at dokument som blir lagde fram gir eit best mogleg grunnlag for vurderingar og avgjerder i Stortinget. Dette gjeld for denne Regjeringa, også for dei forslaga som blir sette fram om helseføretaka. Eit viktig grunnlag for budsjettproposisjonane vil vere det meldingssystemet som blir etablert med utgangspunkt i helseføretakslova § 34. Her er dei regionale helseføretaka pålagde å leggje fram ei årleg melding som både inkluderer rapport og framtidige planar. I vedtektene for dei regionale helseføretaka er det presisert at meldinga også skal inkludere vurdering av behovssituasjonen. Frå departementet si side legg vi opp til faste prosedyrar som skal sikre at dette innspelet kjem på tidspunkt og måtar som sikrar at det kan inngå i avgjerdsunderlaget for statsbudsjettet. Frist for første sett av meldingar blei sett til 1. juli 2002, og departementet har fått meldingar frå alle dei fem regionale helseføretaka. Eg legg vekt på at dette systemet må utviklast vidare og at det skal gi eit godt grunnlag for den overordna styringa av dei regionale helseføretaka. Meldingane som no er mottekne, vil bli kort omtalt i St.prp. nr. 1 for Helsedepartementet, og dei vil og kunne gjerast tilgjengelege for Stortinget.
Eg legg til at ei viktig problemstilling er i kva grad tildelinga av ressursar til dei regionale helseføretaka skal baserast på valde objektive kriterium, eventuelt om dette skal supplerast med konkrete behovsvurderingar i forhold til situasjonen i den enkelte helseregion. Dette vil vere eit tema når forslaga frå finansieringsutvalet (Hagen-utvalet) skal vurderast, og eg kommenterer det ikkje nærmare her.
Med bakgrunn i det direkte konstitusjonelle og politiske ansvaret eg har overfor Stortinget, legg eg til grunn at kontakten med helseføretaka bør skje i former som ikkje skaper uklare forhold om dette. Eg vil her og vise til dei prinsippa som er beskriv i brev dagsett 20. november 1998 frå Stortingets sitt presidentskap til fagkomiteane i Stortinget. I og med at dei regionale helseføretaka har ein overordna organisatorisk posisjon i forhold til helseføretaka i regionen, bør kontakten alltid kanaliserast gjennom dei regionale helseføretaka - også i tilfelle der det er ønske om kontakt med lokale helseføretak. Eg legg også til grunn at det vil vere naturleg og rett at departementet deltek i slike kontaktar på vanleg måte.