Skriftlig spørsmål fra Rolf Terje Klungland (A) til statsministeren

Dokument nr. 15:58 (1997-98)
Innlevert: 28.01.1998
Sendt: 29.01.1998
Rette vedkommende: Sosialministeren
Besvart: 04.02.1998 av sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Rolf Terje Klungland (A)

Spørsmål

Rolf Terje Klungland (A): "Arbeiderpartiet la våren 1997 frem en plan for å bedre eldreomsorgen. Forutsetningen for denne planen var at den skulle fullfinansieres og dermed ikke belaste kommuneøkonomien. I Vest-Agder er det nå et slikt press på byggemarkedet at refusjonen fra staten ikke dekker opp kostnadene for utbygging av eldreomsorgen. Hva vil regjeringen gjøre dersom det viser seg at signalene om fullfinansiering ikke holder mål?"

Begrunnelse

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: I handlingsplanen for eldreomsorga, som Stortinget har vedteke, vil kommunane få dekt utgifter opp til 740000 kroner for omsorgsbustader og 830000 kroner for sjukeheimsplassar gjennom ordninga med oppstartingstilskot og eit eige tilskot til å dekke utgifter til renter og avdrag på lån. Satsane er sette med utgangspunkt i gjennomsnittskostnader for prosjekt som har fått tilskot frå Husbanken i 1996. Dette var utgangspunktet for kostnadsrekninga i handlingsplanen. Vi veit at det er stor variasjon i byggekostnadene frå kommune til kommune for slike prosjekt. Når det er sett ei øvre grense for dei utgiftene kommunane får dekte, er det for at staten skal ha ein viss kontroll med byggekostnadene, og samstundes sikre at prosjekta har ein god, men nøktern standard og kvalitet.
Etter det eg har fått opplyst, er den situasjonen representanten Klungland viser til i Vest-Agder ikkje representativ for heile landet, sjølv om byggekostnadene enkelte stader er under press. Utviklinga i byggekostnadene må derfor følgjast nøye framover. Dersom kostnadene stig til eit nivå som gjer at omsorgsbustader og sjukeheimsplassar blir svært dyre å byggje i høve til dei statlege tilskotsordningane, vil det kunne innebere at kvaliteten og standarden på prosjekta går ned. Skulle dette skje, må ein sjå på tilskotssatsane på nytt. Dette er og ei sak som vil bli vurdert i samband med dei årlege budsjettframlegga til Stortinget.