Skriftlig spørsmål fra Torstein Rudihagen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:63 (1997-98)
Innlevert: 29.01.1998
Sendt: 30.01.1998
Besvart: 06.02.1998 av samferdselsminister Odd Einar Dørum

Torstein Rudihagen (A)

Spørsmål

Torstein Rudihagen (A): "Miljøverndepartementet vedtok i oktober 1997 ein statleg reguleringsplan for ny rv. 35 gjennom Lunner kommune. I St.prp.nr.1 (1997-98) for Samferdselsdepartementet seiest det at departementet tek sikte på å leggje fram ein eigen bompengeproposisjon for Stortinget etter at det ligg føre planavklaring.
Vil Samferdselsministeren nå følge opp dette snarast råd?"

Begrunnelse

RV 35 skal byggjast som stamveg frå Hønefoss til Jessheim, og er avgjerande for at Oppland og deler av Buskerud skal kunne gjera seg nytte av flyplassutbygginga. Den nye stamvegen vil også fungere som ein ytre ringveg rundt Oslo og vil såleis kunne fungere som avlastningsveg for trafikken som kjem sørfra. Det er difor viktig å kome i gang så snøgt som mogleg med utbygginga.

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Eg vil syne til at det no går føre eit omfattande arbeid i denne saka med sikte på ei totalvurdering av heile prosjektet riksveg 35 Lunner - Gardermoen. Ei nærare avklaring av kostnadsspørsmålet inngår som viktig i dette arbeidet. Dette arbeidet er førebels ikkje avslutta.
Eg vil trekkje fram kor viktig det er at dette arbeidet blir gjort på ein tilfredsstillande måte med sikte på å skaffe til veie tilstrekkeleg grunnlag for at Samferdselsdepartementet skal kome med si tilråding til Stortinget om saka. Ikkje minst er det viktig med gode kostnadsberekningar.