Heidi Grande Røys (SV): Firma Sigurd Løkeland AS driv krabbeproduksjon på Atløy i Sogn og Fjordane. For å halde produksjonen i gong, har verksemda henta inn arbeidskraft frå Litauen. Arbeidarane har opphaldsløyve på 3 månader. Verksemda ha søkt om å få tilsvarande vilkår som i Finnmark, dvs. eit opphaldsløyve som gjeld i 6 månader, men fått avslag.
Kva er grunnen til at søknaden ikkje er vurdert i høve reglane for Finnmark, og vil statsråden vurdere å gjere ordninga for Finnmark om til ei generell ordning for heile landet?
Begrunnelse
Firmaet Sigurd Løkeland AS driv med krabbeproduksjon på Atløy i Sogn og Fjordane. Dei hentar krabbe frå heile kysten av fylket, og foredlar krabben til ferdig produkt på Atløy. Salet av krabbeprodukta skjer i heile landet.
For å halde produksjonen i gong, har verksemda henta inn arbeidskraft frå Litauen, i alt 14 arbeidarar. Opphaldsløyvet i Noreg går ut 12. november 2002, og verksemda har søkt om å forlenga arbeidsløyvet med 3 månader. Verksemda har fått avslag på søknaden 11. september 2002, med grunngjeving i at det ikkje ligg føre ein ekstraordinær situasjon som har si årsak i ei forskyving av sesongen.
Verksemda har ikkje søkt om forlenging knytt til ein ekstraordinær situasjon, men ber om same vilkår som ein har i Finnmark. Dersom det ikkje er mogleg å forlenga arbeidsløyvet, må verksemda trappe ned produksjonen. Verksemda er inne i ei opptrappingsfase, og det vil vere viktig å forlenga søknaden til dei arbeidarane frå Litauen som ein har investert i opplæring av.
Dersom verksemda kunne få høve til å ta imot utanlandsk arbeidskraft i inntil 6 månader, som i Finnmark, vil desse problema vere løyste.