Hallgeir H. Langeland (SV): Kva vil helseministeren gjera for å retta opp den openbare skjeivhet tinnitusramma blir møtt med i helsevesenet ved at det pr. i dag ikkje finst noko behandlingsopplegg for denne invalidiserande lidinga?
Begrunnelse
Tinnitusramma er ein oversett gruppe innafor helseapparatet. Primærlegane har lita eller inga kunnskap om lidinga.
Tilbodet om utgreiing og behandling er svært varierande, og som regel mangelfull. Dette er særs uheldig fordi vi veit at eit behandlingstilbod kan hindra at ein utviklar ei kronisk liding med dei betydelege negative konsekvensar det har, og med tilhørande samfunnsøkonomiske konsekvensar.
Det fins tilstrekkeleg kunnskap og erfaring i det medisinske fagmiljøet til at det med enkle grep kan lagas eit einsarta behandlingsopplegg. Sentralsjukehuset i Aust-Agder har med midlar frå handlingsplanane for funksjonshemma samla inn kunnskap og hausta gode erfaringar med eit behandlingsopplegg for tinnitusramma.
Vi ser likevel at handlingsplanen for helhetlig hørselsomsorg som Helsedepartementet har sendt ut på høyring, peiker på at det manglande tilbodet til tinnitusramma, utan at ein er villig til å setta i verk konkrete tiltak.