Skriftlig spørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:91 (2002-2003)
Innlevert: 13.11.2002
Sendt: 14.11.2002
Besvart: 21.11.2002 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

Åsa Elvik (SV)

Spørsmål

Åsa Elvik (SV): 30. oktober 2002 vart det begjært konkurs ved Myre Fiskeindustri AS. 156 tilsette mista jobben sin. Ein jobbar no med å få nye eigarar på plass. Det er sjølvsagt vesentleg at råstoffet frå trålarane må vere grunnlag for vidare industriverksemd.
Er statsråden samd i at det er eit vesentleg poeng at trålarane og driftsselskapet bør seljast saman, og korleis vil han medverke til at eit resultatet av denne prosessen blir at råstoffet framleis blir foredla på Myre?

Begrunnelse

Eg viser til spørsmål i spørjetimen 13. november 2002 om konkursen ved Myre Fiskeindustri AS. I spørsmålet var det dessverre ein feil. Det er ikkje rett som det står i spørsmålet at Nordic Sea Holding har søkt om dispensasjon for leveringsforpliktingane til Øksnes. Dette er opplyst i eit brev frå Nordland fylkeskommune til Fiskeridepartementet datert 4. november 2002, men dette stemmer altså ikkje.
Statsråden gjekk på grunn av dette langt i Stortingets spørjetime 13. november 2002 i å avvise heile problemstillinga. Problemstillinga er sjølvsagt likevel aktuell. Spørsmålet er kva statsråden har gjort, og kva han vil gjere etter konkursen på Myre Fiskeindustri.
Statsråden har her ei rekke verkemiddel tilgjengeleg for å sørgje for at det framleis skal vere grunnlag for fiskeindustriaktivitet.
Dei vilkåra som er knytt til dispensasjonen frå deltakarlova då konsesjonen var gitt, er døme på eit verkemiddel. Utfordinga her er at brot på denne forma for vilkår til no ikkje har vore sanksjonert av departementet. Problemstillinga då blir som det står i leiaren i Fiskeribladet 12. november: "Spørsmålet nå er om Høyre-statsråden i tillegg vil gjøre aktiv bruk av betingelsene, til fordel for Øksnes-samfunnet."
Statsråden har dessutan eit tilgjengelege verkemiddel i og med at staten gjennom ulike selskap har betydelege eigarinteresser til Nordic Sea Holding. Eg ber i denne samanhengen om at statsråden avklarar korleis ein har utøvd eigarskapet i denne saka.
Kjernen i spørsmålet er at det sjølvsagt vil vere avgjerande for eventuelle nye eigarar om ein kan rekne med råstoffet frå trålarane som grunnlag for framtidig produksjon. Statsråden har gjennom media og i spørjetimen sagt at leveringsforpliktingane står ved lag. Usikkerheita er dermed ikkje knytt til om forpliktingane står ved lag, men om forpliktingane vil bli handheva.
Nordic Sea Holding har ifølgje Fiskeribladet 8. november d.å. opna for at råstoffet frå trålarane kan bli styrt utanom dei gjenverande filetanlegga i Øksnes, og at ein vil oppfylle leveringsforpliktingane ved å levere fisk for saltfiskproduksjon til eit eldre fiskebruk på Sommarøya. Øksnes kommune har gjort det heilt klart at ein ser ikkje saltfiskproduksjon som oppfylling av foredlingsforpliktingane.

Svein Ludvigsen (H)

Svar

Svein Ludvigsen: La meg nok ein gong slå fast at leveringsforpliktingane står ved lag. Nordic Sea Holding AS har som eg òg allereie har sagt, uttrykkeleg gjort merksam på at dei vil oppfylle forpliktingane. Dette vil òg vere situasjonen dersom nye eigarar overtek anlegget på Myre. Inntil det skjer kan trålarane levere til andre anlegg i Øksnes kommune som driv fiskeforedlingsverksemd.

Representant Elvik skriv bl.a. under grunngjeving til spørsmålet sitt at "Utfordringa her er at brot på denne forma for vilkår til no ikkje har vore sanksjonert av departementet". Eg er usikker på kva Elvik siktar til. Det som er klårt er at det ikkje er aktuelt å sanksjonere eit brot som enno ikkje har funne stad eller som nokon måtte meine kan finne stad. Før det skjer eit brot ser eg ikkje noko grunnlag for å sanksjonere noko som helst.

Representant Elvik uttaler at driftsselskapet og trålarane bør seljast saman. Driftsselskapet Myre Fiskeindustri AS er gått konkurs, medan Øknesfisk AS som eig trålarane ikkje er gått konkurs. Nordic Sea Holding AS som eig Øksnesfisk AS kan difor ikkje selje dei to selskapa saman.

Statens eigarinteresser i Nordic Sea Holding AS er Nord-Norsk Vekst AS, og her medrekna Den norske Stat v/Venturefondet og SND Invest. Dette er sjølvstendige einingar som investerer i ulike selskap, og er ikkje under direkte politisk kontroll.