Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:122 (2002-2003)
Innlevert: 22.11.2002
Sendt: 22.11.2002
Besvart: 29.11.2002 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Har statsråden føreteke seg noko for å fylgja opp stortingsfleirtalet sitt ynskje om ein erfaringsbase for vellukka samarbeidsprosjekt og -nettverk som kan nyttast til idébank for andre, jf. Innst. S. nr. 318 (2000-2001) Om distrikts- og regionalpolitikken?

Begrunnelse

Eg viser til merknad frå fleirtalet i kommunalkomiteen, medlemmene frå KrF, H, FrP, Sp og SV på side 31 i innstillinga. Der vert omtala ei rekkje samarbeidsprosjekt på tvers av nivå og etatar. Eit av dei vert m.a. omtala slik: "Jæren Produktutvikling, ei interkommunal stifting som har som føremål å vere bindeledd mellom idéhavarar og etablerarar på den eine sida og "den samla kunnskapsmengda i område" på den andre sida, er ein modell som bør ha overføringsverdi til andre regionar." Eg meiner dette er noko som er høgst aktuelt og som ho framleis bør ta initiativ til å fylgja opp.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Departementet har ikkje føreteke ei samla og strategisk vurdering av stortingsfleirtalet sitt ynskje om ein erfaringsbase for vellukka samarbeidsprosjekt og nettverk som kan nyttast til idébank for andre om distrikts- og regionalpolitikken. Derimot legg vi vekt på å få etablert gode nettverk og møteplassar for formidling av erfaringar, samt dokumentasjon av nye typar prosjekt.
Vår erfaring er at dei som vil vere brukarar av denne type tenester ynskjer å inngå i nettverk. Det er eit ynskje om å bruke eit slikt forum til å formidle og diskutere erfaringar. Dei ynskjer å koma i direkte kontakt med dei som sit på erfaringane. Det har heller ikkje vore etterspurnad etter databasar som omfattar den breie distrikts- og regionalpolitikken.
Vi har vald ei line der dei som produserer kunnskap som skal delast med andre, sjølve etablerer dei møteplassane som dei finn tenlege. Da er det lettare for dei som søkjer kunnskap å finne fram til relevant informasjon. Eg vil her nemne nokre døme på det:
I regi av HØYKOM-programmet (program for tilskott til høghastighetskommunikasjon) er det etablert ein eigen nettstad, "HØYVIS" (HØYKOMS rettleiings- og informasjonsservice), med sikte på å samle og formidle erfaringar frå ulike breibandprosjekt rundt i landet. Dette er ofte samarbeidsprosjekt mellom fleire aktørar, med fokus på breibandsutbygging og bruk av breibandsanvendelser.
I tillegg er det formidla ein rapport med tittelen: "Bredbånd i kommunane" med undertittelen "Hva er bredbånd? Hvorfor er det nyttig og hvordan kan det brukes?".
I samband med utkantsatsinga/småsamfunnssatsinga er det etablert ein eigen internettportal som inneheld oversikt over ulik typar prosjekt gjennomført på kommunalt, fylkeskommunalt og nasjonalt nivå og effektar av dei. Der kan alle som ynskjer seg informasjon, søkje seg fram til relevant kunnskap.
På nettstaden www.interreg.no finn ein informasjon om erfaringar og resultat av alle program og prosjekt som er gjennomført i regi av Interreg. Austlandssamarbeidet, SAVOS og Landsdelsutvalet for Nord-Noreg er kopla opp mot denne nettstaden.
Knytt til omstillingsarbeidet i SND er det etablert møteplassar for formidling av erfaringar. På desse plassane deltek både SND og fylkeskommunane, omstillingsregionar, kommunar og departement.
SND, fylkeskommunane, Noregs forskingsråd og SIVA fungerer som bindeledd mellom idéhavarar og etablerarar på den eine sida, og relevant kunnskap på området på den andre. Desse aktørane må heile tida arbeide for å halde seg oppdatert og søke ny kunnskap på sine område. Dette er naudsynt for at dei skal vere etterspurt blant nettopp idéhavarar, etablerarane, etablert næringsliv og kommunane.
Eg har meir tru på å formidle erfaringar på denne måten enn ein stor idébank om distrikts- og regionalpolitikken.