Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Det er i romjula gjort kjent at fleire kommunar slit med auka utgifter som fylgje av skyhøge straumprisar.
Når kan Stortinget få seg førelagt ein oversikt over situasjonen?
Begrunnelse
Det "normale" skulle sjølvsagt vera at kommunane har ein buffer som gjer at dei kan ta uforutsette utgifter sjølv. Senterpartiet meiner det vanskeleg kan påreknast i denne situasjonen med dei nedskjeringar kommunesektoren alt har vore gjennom på førehand av 2003-budsjettet. Vi har registrert at statsråden held fram at kommunane tener på kraftkrisa. Det kan vera tilfelle for nokre kommunar, for andre er det heilt klart at dei vil bli stilt overfor auka utgifter både til eiga drift og til auka sosialhjelputbetaling. Situasjonen er så ekstraordinær at Senterpartiet meiner statsråden må orientere Stortinget slik at eventuell oppfølging kan drøftast. Eg minner om at mange kommunar frå før også har ekstra pensjonsutgifter og redusert skatteinngang.