Skriftlig spørsmål fra Modulf Aukan (KrF) til finansministeren

Dokument nr. 15:295 (2002-2003)
Innlevert: 06.02.2003
Sendt: 07.02.2003
Besvart: 13.02.2003 av finansminister Per-Kristian Foss

Modulf Aukan (KrF)

Spørsmål

Modulf Aukan (KrF): I skattelovgjevinga finnes ein moglegheit til å søke om ettergjeving av skatt som opplevast som "særleg ubillig".
Kva klageåtgang har ein skatteytar på avslag på ettergjeving av skatt, fatta av skattefuten i eit fylke, og kva forbetringar kan finansministeren tenke seg?

Begrunnelse

Ein gartnar i Vanylven i Møre og Romsdal har ved generasjonsskifte kome i ein vanskeleg økonomisk situasjon ved at gardsbruket hans i skattemessig forstand har vorte klassifisert som "spesialproduksjon" og dermed kome i ein annan kategori enn den som gjeld for gardsbruk generelt.
Saka har gått i rettsvesenet, der Gulating lagmannsrett slo fast at det var overvekt av moment som tala for nemnde klassifisering.
Dette på tross av eintydige avgjerder i likningsnemnd og overlikningsnemnd.
Avgjerdene i rettsvesenet har virka "særleg ubillig" for denne skatteytaren, og spørsmålet går på kva moglegheit ein har for å overprøve avslaget om ettergjeving av denne skatten.

Per-Kristian Foss (H)

Svar

Per-Kristian Foss: Skatt kan setjast ned eller verte ettergjeve etter skattebetalingsloven § 41 når:

"noen i medhold av ligningsloven § 9-12 har rådd til at skatten blir nedsatt eller ettergitt og når det ellers på grunn av dødsfall, særlig alvorlig eller langvarig sykdom, varig invaliditet eller andre årsaker virker særlig ubillig eller uforholdsmessig trykkende å fastholde hele skatten".

Nedsetjing etter alternativet "særlig ubillig" kan vere aktuelt i spesielle høve der dei materielle skatte- og avgiftsreglane har ein helt utilsikta verknad. Eg ber om forståing for at eg ikkje kan gå inn i denne konkrete saka, men viser på generelt grunnlag til følgjande omtale i "Lignings-ABC" for 2002, side 552 og 554:

"Skatteloven knytter skattefritak ved realisasjon til begrepene "alminnelig gårdsbruk og skogbruk."

Og at:

"Eiendom hvor det utelukkende eller for en overveiende del drives spesialproduksjon, regnes ikke som alminnelig gårdsbruk. Dette vil for eksempel gjelde rene gartnerieiendommer, der det vesentligste av produksjonen foregår i veksthus".

At nokre landbrukseigedomar ikkje kan seljast utan skattlegging, sjølv om seljaren har eigd bruket i over 10 år, er soleis ikkje utan vidare noko "særlig ubillig" resultat etter skattelova. Det er tvert om tilsikta av lovgjevaren.
Det er ingen klagerett i saker om ettergjeving av skatt etter skattebetalingsloven § 41, jf. skattebetalingsloven § 58 som seier at forvaltningslova ikkje gjeld. Kjem søkjaren med nye opplysningar, vil saka derimot kunne sjåast på som ein ny søknad.
Finansdepartementet har satt i gong arbeide med ein brei gjennomgong av reglane om ettergjeving i bl.a. desse sakene, og tek sikte på i løpet av 2003 å sende på høyring eit forslag til ny lov om innkrevjing av skattar og avgifter. I den samanheng vil saksbehandlingsreglane og klagesystemet for ettergjevnad av skatt bli nærare vurdert.