Skriftlig spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til arbeids- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:352 (2002-2003)
Innlevert: 27.02.2003
Sendt: 27.02.2003
Besvart: 06.03.2003 av arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Har ein person som er arbeidslaus rett på dagpengar når vedkommande melder seg opp som privatist og les på kveldstid for å forbetre sine karakterar og elles oppfyller rett til å ta imot dagpengar?

Begrunnelse

Vedkomande søkjar var 6 månader i Kosovo som Koforsoldat. Inntekta i denne perioden var 169 000 kr. I januar 2003 meldte han seg ledig på arbeidskontoret og søkte om rett til dagpengar under arbeidsløyse. Søkjaren vil vere disponibel for arbeidsmarknaden og samtidig vurdere å lese fag på fritida (kveldstid). Aetat i Grenland avslo søknaden med den grunngjevinga at vedkomande søkjar dermed var under utdanning eller opplæring og at han derfor ikkje oppfylte vilkåra for rett til dagpengar.
I forskrift om dagpengar under arbeidsløyse § 4-1 og 4-2 samt § 4-6 i lov om folketrygd er det gjort greie for korleis utbetaling av dagpengar skal praktiserast. Så langt eg kan forstå, vil vedkomande søkjar kome inn under forskrifta sin § 4-2 nr. 2 a og dermed fylle vilkåra for rett til dagpengar under arbeidsløyse.

Victor D. Norman (H)

Svar

Victor D. Norman: Retten til dagpengar under utdanning er regulert i folketrygdloven § 4-6 fyrste ledd. Loven seier at dei som er under utdanning eller opplæring ikkje har rett til dagpengar.
Årsaka er at dei som er under utdanning ikkje blir rekna som reelle arbeidssøkjarar. Så lenge dei er under utdanning er dei ikkje til rådvelde for arbeidsmarknaden. Det er òg i strid med sjølve føremålet med dagpengeordninga å finansiera vanleg utdanning med dagpengar. Det vil dessutan føre til ein urimeleg skilnad i høve til dei som må finansiera utdanninga si med lån eller med eigne midlar.
Som representanten Oppebøen Hansen sjølv gjer merksam på er det nokre unnatak frå hovudregelen.
Til dømes er det høve til, jf. dagpengeforskrifta § 4-2 nr. 2 a), å delta i "utdanning eller opplæring når undervisningen foregår utenfor normalarbeidstid, dvs. på kveldstid, i weekender o.l., og vedkommende følger undervisningen. Utdanningen må være eksplisitt lagt opp slik at den kan kombineres med fullt arbeid på dagtid".
Sjølv om utdanninga i praksis let seg sameine med arbeid på heiltid så treng ho ikkje vere sameint med rett til dagpengar. Av omsyn til kontroll av utdanning i samband med dagpengar er det viktig å ha klare regler for kva slag utdanning som er tillate.
Ein føresetnad for å kombinere utdanning med dagpengar er at utdanninga frå lærestaden si side berre er lagt opp som utdanning på kveldstid, at dagpengemottakaren følgjer undervisninga og at utdanninga let seg sameine med arbeid på full tid.
Utdanninga må og ha ei framdrift som er mindre enn 50 pst. samanlikna med tilsvarande utdanning på dagtid med normal studieframdrift. Kravet om slik redusert framdrift inneber at ein dagpengemottakar må nytta minst dobbelt så lang tid på utdanninga si som dei som studerer på heiltid, dvs. studentar som fylgjer ei normert studieframdrift.
Arbeidssøkjarar som les til eksamen som privatistar utan å følgje undervisning i det heile tatt, har ikkje rett til dagpengar. Dei følgjer ikkje eit konkret opplegg for undervisning utanfor normal arbeidstid, og kan difor ikkje bli godkjende som kveldsstudentar.
Eg kan ikkje gå lenger inn i den konkrete saka som representanten Oppebøen Hansen legg fram, men gjer merksam på at arbeidssøkjaren kan klaga på avgjerda frå Aetat lokal.