Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:365 (2002-2003)
Innlevert: 03.03.2003
Sendt: 04.03.2003
Besvart: 13.03.2003 av utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Vennegruppa for Suldal folkehøgskule har søkt om godkjenning for tilskot i medhald av lov om folkehøgskular.
Kva søknadsprosedyre er det ved handsaming av slike søknader, kor tid kan dei rekna med svar, og kor tid kjem eventuelt saka til handsaming i Stortinget?

Vedlegg til spørsmål:

Brev fra Vennegruppa for Suldal folkehøgskole til Utdannings- og forskningsdepartementet "Søknad om godkjenning av Suldal folkehøgskule".

Begrunnelse

Eg syner til kopi av søknaden.
Vennegruppa er klår over at det er departementet som tek den faglege avgjerda i saka, men er noko usikre på kva rolle Stortinget skal ha. Dei er og noko usikre på om godkjenning meir eller mindre automatisk fører til at det vert gjort framlegg om løyvingar overfor Stortinget eller ikkje, om dei må venta på løyvingar før dei kan starta opp, kor lang tid det kan ta før saka er avgjort og naudsynte løyvingar gitt.

Kristin Clemet (H)

Svar

Kristin Clemet: Vennegruppa for Suldal folkehøgskule søkte 19. desember 2002 "om at Suldal folkehøgskule vert godkjent for tilskot".

Søknaden blei 19. februar 2003 sendt på høyring til Folkehøgskolerådet, fylkesmannen (tidlegare Statens utdanningskontor) i Rogaland og Jæren, Karmøy, Olavsskolen og Solborg folkehøgskolar, med frist 20. mai. Dette er i tråd med departementets Prosedyre ved søknad om oppretting av folkehøyskole.

Det er "Departementet som godkjenner en skole for tilskudd" - § 2 første ledd i folkehøgskolelova. Ei eventuell godkjenning for tilskot er avhengig av løyving i samband med budsjettbehandlinga.

Departementet reknar med å behandle søknaden frå Vennegruppa for Suldal folkehøgskule innan juli saman med to liknande søknader som er på høyring, Kjølen folkehøgskole i Røyrvik og Land folkehøgskole. Resultatet av behandlinga vil bli omtalt i budsjettproposisjonen med eventuelle konsekvensar for løyvinga.