Heidi Grande Røys (SV): Ifølgje NVE og Statnett er Sogn og Fjordane eit av dei områda som vil bli mest råka av mogleg straumrasjonering i 2003. Dette skuldast m.a. svakt linjenett til fylket, særleg i området Fardal og nordvestover mot Møre/Midt-Noreg.
Kva tiltak vil statsråden setje i verk som gjer at overføringsnettet i Sogn og Fjordane får ein kapasitet som kan hindre at særleg industrien stadig vekk vert utsett for truslar om rasjonering?
Begrunnelse
Næringslivet i Sogn og Fjordane er uroa over den usikre energisituasjonen, og ein fryktar konsekvensane av eventuelle, framtidige rasjonaliseringstiltak for eit allereie hardt pressa næringsliv. Sogn og Fjordane har 11 pst. av kraftproduksjonen i landet, og dette har gitt grunnlag for eit velutvikla og konkurransedyktig industrimiljø, der over 25 pst. av folket er direkte eller indirekte knytt til industrien. Ifølgje NVE og Statnett er Sogn og Fjordane eit av dei områda som vil bli mest råka av mogleg rasjonering i 2003. I 1994 og 1996 hadde ein den same situasjonen, trass i at perioden 1990-2000 var meir enn vanleg nedbørrik. Dette skuldast svakt linjenett til våre område, særleg i området Fardal og nordvestover mot Møre/Midt-Noreg. Trugsmål om straumrasjonering er svært negativ for industrien vår, og særleg produksjonen til Hydro i Høyanger vil verte hardt råka av eit slikt vedtak.