Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): I september i fjor oppmoda statsråden alle ordførarane i landet til å senda inn tre framlegg til forenklingar i regelverk og forskrifter.
Kva resultat medførte denne oppmodinga, og korleis fylgjer departementet opp innspela?
Begrunnelse
Forenkling er noko både lokale og sentrale folkevalde seier dei er opptekne av. Det er viktig å få til resultat på dette feltet. Eg meiner statsråden her tok eit interessant initiativ og ber om ein oversikt over kva forslag ho fekk inn.