Skriftlig spørsmål fra Torstein Rudihagen (A) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:430 (2002-2003)
Innlevert: 27.03.2003
Sendt: 28.03.2003
Besvart: 03.04.2003 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Torstein Rudihagen (A)

Spørsmål

Torstein Rudihagen (A): Mange stader blir grendeskular lagt ned. Vi får større og meir sentrale einingar. Vågå kommune er ein utpeikt pilotkommune for å utvikle distriktspolitiske tiltak også til nytte for andre kommunar og regionar. Ein grendesatsingsstrategi der grendeskulane er sentrale går inn i dette. Økonomien tvingar nå kommunen til ein nedlegging av grendeskular i ei utprøvingsfase.
Vil kommunal- og regionalministeren vurdere å gje økonomisk støtte i ei periode for å hauste røynsle med ei slik grendesatsing?

Begrunnelse

Vågå kommune har med sine 3 800 innbyggjarar 6 skular innan grunnskulen. Tessanden skule 1.-4. klasse, Sjårdalen skule 1.-4. klasse, Lalm skule 1.-7. klasse, Skogbygda skule 1.-4. klasse, Vågåmo skule 1.-7. klasse og Vågå ungdomsskule 8.-10. klasse. Elevane frå Tessanden, Sjårdalen og Skogbygda går ved Vågåmo skule i 5.-7. klasse.
I tilknyting til grunnskulelokaliseringane, er det også barnehage, grendehus, bustadfelt og andre møteplassar/aktivitetar både på Lalm, i Sjårdalen, Skogbygda og på Tessanden.
For Vågå kommune har grendefokuseringa vore ein strategi. Ein strategi for å gje mangfald, ta i bruk dei samla kvalitetane som grendesamfunna representerer samla sett. Kvalitetar som nærleik, engasjement, involvering og identitet blir enda sterkare og solidare enn i eit sentrums- og eller byområde.
Kommunal- og regionaldepartementet peika ut Vågå kommune som pilotkommune saman med 7 andre kommunar/område i 1997. For Vågå kommune var grendesatsinga ein overordna strategi. Også som pilotkommune i Kulturdepartementet har grendeutviklinga vore sentral som eit virkemiddel for auka livskvalitet, mangfald og deltaking. Når vi nå som pilotkommune i Arbeids- og administrasjonsdepartementet frå 2002 skal føre vidare utviklingsarbeidet men nå i retning av effektivisering, auka brukardeltaking og utvikling av ulike samarbeidsmodellar, ønskjer vi å ta utgangspunkt å dei kvalitetane og verdiane som den desentraliserte strukturen representerer.
I motsetning til andre distriktskommunar vi kjenner til, opplever Vågå stor interesse for å etablere i grendesamfunna. Elevtala ved Sjårdalen skule vil bli dobla dei næraste åra. Ein sterk veksttendens ser vi også i Tessanden og Lalm, medan Skogbygda er meir stabil.
Vågå kommune mottok eit øyremerka tilskott på stort 200 000 kr av den første Bondevik-regjeringa for at kommunen skulle satse målretta på grendeskulestrukturen.
Når vi nå klarare kan definere tiltak i den vidare grendesatsinga og dei første resultata melder seg, må også Vågå kommune vurdere grendeskulane si framtid med bakgrunn i einsidig og kortsiktig økonomisk årsaker.
Grendesamfunnsutvikling krev prioritering, og Vågå kommune meiner å dokumentere at grendesatsing også er investering i verdiar som sparar andre investeringspostar. Og om Vågå vil kunne stå fram som meir attraktiv med omsyn til busetting og etableringar slik at kommunen får ei positiv folketalsutvikling, vil dette vere god samfunnsøkonomi på sikt.
Samla kostnader knytt til grendeskular/barnehagar (Lalm, Sjårdalen, Skogbygda og Tessand): Sum rekneskap 2002 = 8 966 kr. Sum budsjett 2003 = 8 958 kr.
For å kunne dokumentere erfaringar og evaluere ulike sider ved grendeutviklingsvisjonen, må kommunen tilførast økonomiske ressursar over ei 4-6 årsperiode.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Vågå var en av pilotkommunene i Kommunal- og regionaldepartementets utkantkommuneprosjekt, som pågikk i perioden 1998 til 2001. En av målsettingene med prosjektet var å gjøre utkantkommuner bedre i stand til å påvirke og ta ansvar for en situasjon med langvarig nedgang i folketallet. Vågå kommune har gjort en stor innsats i løpet av prosjektperioden, og fått til svært gode resultater. Vågå har klart å ta tak i sin egen situasjon, og har drevet et lokalt utviklingsarbeid som har gitt mange positive resultater i kommunen både når det gjelder markedsføring av bygda, tilrettelegging for næringsliv, og tilflytting av nye innbyggere.
Kommunal- og regionaldepartementets utkantkommuneprosjekt er nå avsluttet. Det videre utviklingsarbeidet må derfor nå drives innenfor kommunens ordinære inntektsrammer. Innenfor disse rammene må Vågå på lik linje med alle andre kommuner tilpasse sine utgifter ved å foreta klare prioriteringer. Regjeringens hovedoppgave vil være å gi kommunene tilstrekkelig handlingsrom til å foreta slike prioriteringer, tilpasset variasjonene i lokale forhold. Noen kommuner vil da satse på en desentralisert skolestruktur, andre kommuner vil kanskje endre skolestrukturen noe for å frigjøre ressurser til andre gode formål.
Det vil være de lokale folkevalgte i Vågå og andre kommuner som best kan foreta slike avveininger. Staten bør da ikke belønne med ekstra midler de kommuner som velger én av flere mulige gode løsninger.