Skriftlig spørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til sosialministeren

Dokument nr. 15:66 (1997-98)
Innlevert: 03.02.1998
Sendt: 03.02.1998
Besvart: 10.02.1998 av sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): "Kan ein pensjonist velge minstepensjon framfor t.d. sjømannspensjon, dersom han gir betre uttelling økonomisk, evt. vil Statsråden sjå til at ingen kjem dårlegare ut, same kor dei bur, enn minstepensjonisten?"

Begrunnelse

Ei enke etter ein sjømann får sjømannspensjon frå Pensjonstrygda for sjømenn. Ho har søkt om heller å få minstepensjon, som ho meiner er høgare enn sjømannspensjonen. Dette vil ikkje trygdekontoret vurdere, og kontoret skriv m.a. følgande:
"Din anmodning om å medvirke til at din sjømannspensjon skal opphøre, for dermed å kunne vurderes som minstepensjonist er nok ikke jeg rette vedkommende. Du kan selvsagt ta dette spørsmål opp direkte med Pensjonstrygden for sjømenn, men jeg har ingen tro på at dette blir akseptert. Dersom det mot formodning ble akseptert, ville du allikevel ikke bli vurdert som minstepensjonist i og med at du fraskriver deg en opptjent rettighet."

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Ei enkje som samstundes har rett til pensjon frå folketrygda og enkjepensjon frå Pensjonstrygda for sjømenn, kan la vera å setja fram krav om å få utbetalt enkjepensjon frå pensjonstrygda.
Dersom enkja allereie får utbetalt enkjepensjon frå pensjonstrygda, kan ho seinare seia frå seg utbetalinga.
Pensjon frå folketrygda og enkjepensjon frå pensjonstrygda vert utbetalt utan omsyn til kvarandre. At ei enkje vel å skriva frå seg enkjepensjon frå pensjontrygda, vil såleis ikkje føra til nokon auke av pensjonen frå folketrygda.
Derimot vert nokre kommunale ytingar gjevne til berre minstepensjonistar utan særleg anna inntekt. Om eit avkall på enkjepensjon frå pensjonstrygda kan føre til at enkja får ei slik kommunal yting eller ikkje, avheng av vilkåra som gjeld for den kommunale ytinga.
Pensjonstrygda for sjømenn vil til vanleg akseptera ei oppmoding om å stansa sjømannspensjonen av di vedkommande får betre økonomi utan den aktuelle ytinga.
Det er Pensjonstrygden for sjømenn som avgjer slike spørsmål, ikkje trygdekontoret. Når eit slikt spørsmål vert avgjort, legg ein ikkje vekt på kvar pensjonisten bur.