Skriftlig spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til sosialministeren

Dokument nr. 15:433 (2002-2003)
Innlevert: 27.03.2003
Sendt: 28.03.2003
Rette vedkommende: Barne- og familieministeren
Besvart: 08.04.2003 av barne- og familieminister Laila Dåvøy

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Kvinner som er i ein attføringssituasjon og skal føde, mister sin stønad i den perioden dei er borte frå arbeidet grunna fødsel.
Vil statsråden rette opp denne diskrimineringa av kvinner som er på attføring?

Begrunnelse

Rett etter ein fødsel vil kvinner i ein attføringssituasjon normalt ikkje vere inne i ein utdanning eller i tilrettelagt arbeid. For å få sjukepengar i perioden vedkomande er borte frå attføringstiltaket, må vedkomande ha vore inne i ordinært arbeid i løpet av dei siste 10 månadene. Alternativet er eingongsstønad ved fødsel som i dag er 33 584 kr.
Regelverket for attføring er dermed langt strengare enn regelverket for dagpengar og sjukeløn. Ifølgje gjeldande regelverk for desse ordningane, har kvinner rett til sjukeløn under den perioden dei er borte frå tiltak som følgje av fødsel.
Når det gjeld attføringstilfelle, så kan familiar oppleve å kome opp i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon. I tillegg er dette kjønnsdiskriminerande i den forstand at det bare er kvinner som blir råka av gjeldande regelverk med omsyn til fødselspermisjon.

Laila Dåvøy (KrF)

Svar

Laila Dåvøy: Spørsmålet er oversendt barne- og familieministeren som rette statsråd for svar. Svaret er utarbeidd i samråd med Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Ytingar under yrkesretta attføring blir gitt i samband med tiltak som er naudsynte og føremålstenlege for at ein skal bli i stand til å skaffe seg eller behalde høveleg arbeid (folketrygdlova § 11-6). Det er dermed ikkje fødselen eller omsorga for barnet, men det at ein reint faktisk ikkje lenger gjennomfører attføringstiltak som er årsak til at retten til attføringspengar fell bort.
Kvinner som mottek stønad under yrkesretta attføring kan falle mellom to stolar om dei får born i attføringsperioden. Ofte vil kvinna då ikkje har rett til fødselspengar av di ho ikkje fyller vilkåret om yrkesaktivitet i 6 av dei siste 10 månadene før stønadsperioden tek til. Trygdeytingar som dagpengar under arbeidsløyse, sjukepengar og fødsels- og adopsjonspengar blir likestilt med yrkesaktivitet, medan stønad til yrkesretta attføring og medisinsk rehabilitering ikkje blir rekna som yrkesaktivitet. Kvinner som er under attføring kan då oppleve at attføringsstønaden vert stoppa fordi kravet om aktivitet ikkje er oppfylt utan at dei får rett til fødselspengar. Sjølv om kvinnene får eingongsstønad ved fødsel, kan dette føre til ein vanskeleg økonomisk situasjon for mange familiar.
Eg kan sjå argument for å endre reglane om fødselspengar slik at periodar med attføringspengar skal telle som yrkesaktivitet og dermed gi oppteningsrett til fødselspengar. Frå 1. januar 2002 er attføringspengar definert som pensjonsgjevande inntekt. Det ligg dermed betre til rette for at attføringspengar kan gi oppteningsrett til fødselspengar. Men ei slik endring er kostbar å gjennomføre; meirutgiftene ved å endre lova slik at også periodar med attføringspengar gir oppteningsrett til fødselspengar er berekna til om lag 68 mill. kr. Regjeringa har ikkje planer om å foreslå ei slik endring av fødselspengeordninga på noverande tidspunkt.