Skriftlig spørsmål fra Modulf Aukan (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:465 (2002-2003)
Innlevert: 03.04.2003
Sendt: 04.04.2003
Besvart: 15.04.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Modulf Aukan (KrF)

Spørsmål

Modulf Aukan (KrF): "Eit godt og likeverdig tilbod" er slik eg forstår det Posten Norge si målsetjing til innbyggjarane i landet. På øyane Jørgenøya og Solskjeløya i Tustna har innbyggjarane klaga til Post- og teletilsynet på at ekspedisjonslokala på Nordheim, der det er postboksar, vert bytta ut med postkassar ute på kaia.
Er det slik at samferdselsministeren vil akseptere løysingar som denne til slike "utkantar" som desse øyane representerer?

Begrunnelse

Øyane Jørgenøya og Solskjeløya i Tustna kommune i Møre og Romsdal har hatt postboksar i eit lokale på Nordheim. Staden ligg på enden av landpostruta på Nord-Tustna.
Om vinteren og i dårleg vær elles, kan tidspunktet når posten kjem fram til Nordheim variere vesentleg.
Når lokalet forsvinn og postkassane vert ståande ute på kaia, er det lett og forstå at det å hente posten og eventuelle sendingar vert krevjande.
I og med at bebuarane er avhengige av båt for å kunne koma til for å hente postsendingane, seier det seg sjølv at det ville vera ein fordel om det hadde vore eit fast tidspunkt dei kunne møta opp.
Svaret som Posten Norge gjev den 18. desember 2002 om at ein kan ringe for å få greie på når landpostruta eventuelt kjem, må eg seie eg stiller meg undrande til. Dersom landpostruta hadde starta på Nordheim, kunne det vore ein moglegheit til at det kunne settast eit fast tidspunkt, og innbyggjarane kunne halde seg til det.
Forholdet til båtruta er og eit moment som det må takast omsyn til.

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Først vil eg understreke at Samferdselsdepartementet ikkje går inn i Posten Norge sine vurderingar og avgjerder i enkeltsaker. Innanfor dei generelle krav og rammer som blir gitt, er Posten ansvarleg for å oppfylle dei samfunnspålagte pliktene på postområdet og finne fram til gode og effektive løysingar for posttenesta i dei einskilde områda.

Det er i første rekkje konsesjonen til Posten som set grenser for i kva for grad selskapet kan leggje om posttenesta. Konsesjonen krev at Posten skal sikre eit godt og likeverdig tilbod for brukarar i alle delar av landet. Når det gjeld utleveringsstad, skal Posten levere posten til mottakarens bustad eller fysiske adresse. Berre i "særlege tilfelle" kan post utleverast til eigna innretningar.

Posten og Post- og teletilsynet har utarbeida retningsliner for plassering av utleveringspostkasser. Etter retningslinene reknast busetnader utan regulær transportforbindelse som "særlege tilfelle" for utlevering av post til eigna innretningar. Dersom Posten ønskjer å endre postkasseplasseringa, skal Posten prøve å oppnå semje med mottakaren på førehand.

Det er Post- og teletilsynet som fører tilsyn med at Posten oppfyller konsesjonskrava. Eg er kjent med at Post- og teletilsynet nyleg har kome fram til at postutleveringa på Jørgenøya og Solskjeløya ikkje er i strid med konsesjonskrava. Tilsynet har lagt til grunn at desse øyane er busetnader der Posten har funne fram til ei eigna ordning for postomdelinga.

Eg har vore i kontakt med Posten for nærmare opplysningar om posttilbodet på Jørgenøya og Solskjeløya. Posten viser til at løysinga som er valt gir innbyggjarane dagleg postutlevering i postkasse på Nordheim. Det vil koste for mykje å leige eit lokale til postboksar og ekspedisjonsopphald for landpostbodet. Posten viser vidare til at det mest rasjonelle driftsopplegget for området er at dei aktuelle bebuarane ligg på enden av rutetraseen til landpostbodet. Det er ikkje grunnlag for å "snu" landpostruta slik at han startar på Nordheim. Tidspunktet for når landpostbodet kjem vil variere pga. endringar i postmengda og vær- og føreforhold, slik det er for alle landpostruter.