Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eit sentralt mål med den såkalla politireforma var meir synleg politi. Regjeringa skriv i forslaget til statsbudsjett for 2003 at frigjering av 400-450 årsverk er eit mykje realistisk mål. Situasjonen ved Rogaland politidistrikt er ifølgje Stavanger Aftenblad fare for færre politifolk.
Korleis fylgjer statsråden opp intensjonen frå politireforma?
Begrunnelse
Eg viser til oppslag i Stavanger Aftenblad 19. april d.å. Politimeister Sønderland gjer klart at han har 7 mill. kr for lite i forhold til eit frå før knapt 2002-budsjett. Roar Henriksen, leiar i Politiets Fellesforbund i Rogaland, kjem med konkretisering av manglande løyvingar som det er all grunn til å ta på alvor. Det går fram av dei nemnde artiklane at også fleire andre politidistrikt slit med budsjett som gjer at dei må redusera aktiviteten i staden for det motsette. Eg meiner statsråden må ta naudsynte initiativ, t.d. i samband med revideringa av statsbudsjettet for 2003, slik at både det førebyggjande og oppfylgjande politiarbeidet kan styrkast i staden for å svekkast inneverande år.