Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:503 (2002-2003)
Innlevert: 28.04.2003
Sendt: 28.04.2003
Besvart: 08.05.2003 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Det distriktspolitiske virkeområdet er fastsett av Kommunal- og regionaldepartementet. Kva kommunar som inngår i dei ulike sonene for støtte, har direkte konsekvensar for kor SND har høve til å medvirke med finansiering innan visse ordningar. I forskriftene frå 1. januar 2000 vart ei rekkje kommunar flytta frå prioriteringsområde C til D. I samband med bortfall av differensiert arbeidsgivaravgift, vil soneinndelinga vere svært sentral.
Vil statsråden ta initiativ til ny gjennomgang av soneinndelinga?

Begrunnelse

Kva sone innanfor det distriktspolitiske virkeområdet ein kommune inngår i, er avgjerande for kor mykje støtte næringslivet i kommunen kan få frå SND. Då dei nye forskriftene tok til å gjelde frå 1. januar 2000, vart ei rekkje kommunar flytta frå sone C til sone D. Sone D skal ha lågast prioritet ved bruk av distriktspolitiske virkemiddel. I Sogn og Fjordane gjer dette seg utslag mellom anna i at kommunane Flora, Naustdal og Førde kan få støtte på inntil 400 000 kr, medan resten av fylket har 35 mill. kr til fordeling. Næringslivet i dei tre kommunane er svært konjunkturavhengig, og slit med permitteringar og oppseiingar innan særleg skipsindustrien og fiskeindustrien, med dei ringverknander dette har på næringsliv elles.
Ved bortfall av den differensierte arbeidsgivaravgifta, vil det vere svært avgjerande kva sone ein kommune inngår i, med tanke på utforminga av kompenserande tiltak. Og med tanke på omstilling av eit einsidig næringsliv vil det vere avgjerande å ha tilgang til offentlege støtteordningar, som SND midlane.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Eg ser ikkje at det er grunnlag for ein ekstraordinær gjennomgang av soneinndelinga i det distriktspolitiske verkeområdet no.

Det er lagt vekt på langsiktige forhold i samband med soneavgrensinga, og det er ikkje aktuelt å gjere endringar i avgrensinga i verkeperioden. I høve til føresetnadene i EØS-avtalen kan Noreg ikkje foreta endringar som medfører auka statsstøtte utan at desse er godkjent av EFTA sitt overvaktingsorgan, ESA. ESA har i praksis sett eit tak for den delen av befolkninga i landet som kan komme inn under verkeområdet for distriktsretta bedriftsstøtte. Dersom Noreg ønskjer å ta inn nye kommunar i ABC-området, vil ESA truleg krevje at andre kommunar blir tekne ut av ordninga. Det er ei uttrykt målsetting å redusere bruk av statsstøtte i EØS-området, både i geografi og intensitet. Det skal store endringar til før det blir aktuelt å vurdere endringar i soneplassering utanom den ordinære revisjonen.

Situasjonen til dei nemnde kommunane i Sogn og Fjordane vil bli vurdert på ny i samband med den neste hovudrevisjonen av verkeområdet i 2006. Revisjonen av verkeområdet vil skje i samband med at EU og ESA sine nye retningsliner for regional statsstøtte etter planen vil tre i kraft frå 1. januar 2007.

Ved større endringar i næringsverksemd som på kort sikt får store følgjer for lokalsamfunn og regionar, vil fylkeskommunen kunne setje inn omstillingsmidlar. Dette gjeld og i sone D-kommunar, og for elles også utanfor verkeområdet.